KYSTRUTEN: «Havila Capella» på sin første tur langs kystruten Bergen-Kirkenes.
Uavpic / Havila Kystruten
Satsar på å ha alle Havila-skip i drift før jul
Fleire problem for reiarlaget Havila Kystruten har ført til at kystruten Bergen-Kirkenes berre har vore betent av Hurtigruten sine sju skip. Berre eitt av Havila Kystruten sine fire skip er i trafikk.
Befolkninga langs kysten har vore vande med to faste anløp frå kystruten Bergen-Kirkenes kvar dag heile året, berre avbrote av dårleg vêr.
I 2021 og 2022 har dei derimot måtte bli vande med færre anløp og skip langs kyststrekninga.
Det starta med at ruta bytte namn i 2017 frå Hurtigruten til kystruten Bergen-Kirkenes og oppdraget blei sendt på anbod. Hurtigruten og Havila Kystruten skulle dele på oppdraget, men reiarlaget frå Sunnmøre har hatt fleire vanskar med skipa sine undervegs.