Seks av ti russarar kallar seg ortodokse
Fleire i Russland seier religion spelar ei viktig rolle i livet deira, ifølgje ny undersøking.
57 prosent av russarane reknar seg som ortodokse, ifølgje det offisielle russiske meiningsmålingsbyrået, VCIOM.
19 prosent reknar seg som ikkje-truande.
40 prosent av russarane seier at religion spelar ei viktig rolle i livet deira, mot 28 prosent i 1993.
– Ikkje oppsiktsvekkjande
Vebjørn Horsfjord er dekan ved Fakultet for teologi, diakoni og ledelsesfag ved VID. Han har i fleire år arbeidd med russisk-ortodoks kristendom.
– Det er ein statleg aktør som står bak, og det i seg sjølv kan gjere ein litt skeptisk til tala, seier Horsfjord i ein epost.
Han understrekar at spørjeundersøkingar i dagens Russland er «svært vanskeleg». Likevel synest han ikkje tala verkar oppsiktsvekkjande eller politisk ladd.
66 prosent av russarane seier at dei trur på Gud, 47 prosent på djevelen, 56 prosent på englar, 47 prosent på helvete og 41 prosent på himmelen, ifølgje undersøkinga.
Ortodoks identitet
I samanlikning over tid påpeikar professoren at det avgjerande kva årstal ein tek utgangspunkt i.
– Her vert det vist til 1993 og i dag. I 1993 var religionstala utan tvil på veg oppover etter eit sovjetisk lågt nivå. Eg har sett andre tal som tydar på at auken i religiøsitet etter ulike mål har flata ut, og kanskje at tala også går ned.
Horsfjord meiner det mest interessante er korleis ein ser oppgang på nokre parameter og nedgang på andre.
– Om ein overhovudet kan få noko ut av tala med eit raskt blikk, er det ei stadfesting på at religion og identitet er veldig komplekst, og at det både er endringar over tid hos den einskilde og endringar mellom generasjonane, legg han til.
Ser Russland som vern
Einskilde teikn kan tyde på at russarane er blitt meir opptekne av religøse spørsmål det siste året. Etterspurnaden etter religiøs litteratur har auka for første gongen sidan 2017, melde nettstaden rbc.ru i sommar.
Eit fleirtal i mange andre ortodokse land i Sentral- og Aust-Europa meiner eit sterkt Russland er viktig som eit vern for ortodokse og mot vestlege verdiar, ifølgje tal frå Pew Research Center frå 2017.
Dette galdt også i EU-land som Hellas, Bulgaria og Romania.
Det einaste unntaket mellom landa i utvalet, var allereie då Ukraina, der berre 22 prosent såg behov for eit sterkt Russland.
Støtta som patriark Kirill har gitt til den russiske åtakskrigen på Ukraina, har utløyst sterk internasjonal kritikk av samanblanding mellom religion og nasjonalisme i Russland.
Meir konservative
Russland og Ukraina er dei to landa i Aust-Europa med flest ortodokse kristne, ifølgje Pew Research Centers tal frå 2017.
Oppslutnaden om ortodoks kristendom varierer mykje i denne delen av Europa. Men Pew-tal frå 2018 viser at det er langt sterkare oppslutnad om konservative standpunkt i til dømes synet på ekteskap og abort i desse landa.