MERKEDAG: Den russisk-ortodokse patriark Kirill leia i mai gudsteneste på minnedagen for St. Kyrill og Methodius. Dei er rekna som opphavsmenn til det kyrilliske alfabetet.
Igor Palkin/AP/NTB
Seks av ti russarar kallar seg ortodokse
Fleire i Russland seier religion spelar ei viktig rolle i livet deira, ifølgje ny undersøking.
57 prosent av russarane reknar seg som ortodokse, ifølgje det offisielle russiske meiningsmålingsbyrået, VCIOM.
19 prosent reknar seg som ikkje-truande.
40 prosent av russarane seier at religion spelar ei viktig rolle i livet deira, mot 28 prosent i 1993.