OFFER: Politi og lokalbefolkning bar lik etter svoltmassakren i landsbyen Shakahola, nær kystbyen Malindi, sør i Kenya, i april.

Sekt forboden etter at 427 svalt seg til døde

Styresmaktene i Kenya har også stengt fire andre rørsler for å verne borgarar mot religiøs ekstremisme.

Publisert Sist oppdatert

I mai vart det kjent at rundt 200 menneske var sakna. Det vart knytt til arrestasjonen av forkynnaren Paul Nthenge Mackenzie som har drive organisasjonen Good New International Minstries sidan 2003.

Han skal ha oppmoda tilhengjarar til å faste seg til døde for å kome fortare til himmelen. Dei som lystra, vart raskt gravlagde i grunne graver i den store Shakahola-skogen ved kysten.

ARRESTERT: Forkynnaren Paul Mackenzie, vart arrestert etter at massakren vart oppdaga. Etterforskinga pågår framleis.

Denne månaden er det blitt kjent at dødstala frå det som vart kalla Skakahola-massakren, har nådd 427. Det melder Religion News Service.

Forbaud fem organisasjonar

Sist veke forbaud styresmaktene sekta. Det same gjorde dei med fire andre rørsler som er mistenkte for kriminelle aktivitetar. Kvitvasking av pengar, landtjuveri, oppmoding til sjølvmord og radikalisering er nokre av skuldingane.

– Nokre av desse gruppene manglar kjenneteikna ved ei kyrkje. Vi har berre sett at dei veks fram. Vi veit ikkje kva teologiske skular leiarane deira har gått på. Vi ser berre at leiarane deira står fram og vil ha ære, seier den katolske presten Joachim Omollo Ouku til Religion News Service.

Ser på lovverket

LIK: Tapstala i den såkalla Shalahola-sekta har no nådd 427.

Fleirtalet av dei 53 millionar innbyggjarane i Kenya er kristne. Landet har 4.000 registrerte kyrkjer. Når styresmaktene grip inn mot somme av dei, reagerer nokre med å hevde at dette strir med trusfridomen.

President William Ruto kunngjorde i mai at han har oppretta ei gruppe som skal sjå på juridiske og forvaltningsmessige retningslinjer i Kenya på dette feltet. Målet er å «tette hol» som gir rom for ekstremistiske grupper.

Powered by Labrador CMS