Ser håp om at ortodoks splitting blir forhindra

Den ortodokse kyrkja kan risikere det største skismaet på tusen år, men ekspertar trur ikkje det nødvendigvis går så langt.

Publisert Sist oppdatert

Den russisk-ortodokse kyrkja har kutta kontakten og nattverdsfellesskapet med det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel. Årsaka er planane om å la Ukraina få si sjølvstendige ortodokse kyrkje.

Den ortodokse kyrkja er strukturert i 14 sjølvstendige eller «autokefale» kyrkjer, der den russiske er den klart største, men kyrkja i Konstantinopen har høgst rang.

Den kyrkjelege konflikten heng saman med den politiske konflikten mellom Russland og Ukraina som vart tilspissa i 2013 og førte til at Russland annekterte Krim-halvøya i 2014.

Strid om autoritet

Ukraina, eller Kiev-riket, vart kristna før Russland sidan misjonærane kom frå sør på 900-talet.

– Det er ikkje slik at Ukraina alltid har tilhøyrt Russland og no ikkje skal gjere det. Fram til 1686 var det vi no kallar Ukraina, under jurisdiksjon frå Konstantinopel, seier Stig Frøyshov, professor ved Teologisk Fakultet ved Universitetet i Oslo og sjølv ortodoks kristen.

Frøyshov forklarer at Moskva fekk autokefali i 1589 og dermed lenge låg under Konstantiopel. Den økumeniske patriarken i Konstantinopel, Bartholomeus, meiner at Den russisk-ortodokse kyrkja i 1686 berre fekk eit mellombels løyve til å utnemne metropolitten av Kiev, altså overhovudet for bispane i Ukraina. Den russiske patriarken, Kirill, og bispane hans meiner derimot at dette løyvet var permanent.

– I deira auge innebar det at den ukrainske kyrkja vart permanent integrert i Mosvkas kyrkje, seier Frøyshov.

Ikkje felles nattverd

Då løyvet vart trekt tilbake, kutta Moskva alle band til Konstantinopel.

– Å få sjølvstende dreiar seg ikkje om lære, men om praktisk kyrkjeliv, ikkje minst å utnemne biskopar, forklarer Frøyshov.

– Kva konsekvensar får brotet?

– Reint konkret betyr det at alle som tilhøyrer Den russisk-ortodokse kyrkja er forhindra frå å motta sakrament i kyrkjer som tilhøyrer Konstantinopel. Prestane kan ikkje samarbeide i det heile teke, seier Frøyshov.

Samstundes understrekar han at brotet er einsidig og at det dermed ikkje gjeld motsett veg.

Russisk dominans

Førebels er det berre den russisk-ortodokse kyrkja i utlandet (ROCOR) som har følgd Moskva. Dermed ventar ein på korleis dei andre kyrkjene vil posisjonere seg.

– Særleg er det knytt spenning til Den serbisk-ortodokse kyrkja som vanlegvis er på linje med russarane, seier Frøyshov.

Når Ukraina venteleg har fått autokefali, er det også vesentleg kor mange av bispane som i dag tilhøyrer Moskva, som vel å gå over til den nye kyrkja.

Frøyshov er spent på om det vert danna to blokker av ortodokse kyrkjer.

– Men eg vil understreke at det har vore mange slike brot i kyrkehistoria. Ein forventar at dette vil bli lækt, seier han.

Ukrainsk sjølvstende

Religionsforskar Sebastian Rimestad ved Universität Erfurt i Tyskland påpeikar at patriarkata i Moskva og Konstantinopel har diametralt motsette oppfatningar av forholdet mellom kyrkjeleg og politisk makt. Han viser til at ortodoksien er ein viktig maktfaktor i Russland medan ortodokse kristne er ein ørliten minoritet i dagens Tyrkia.

– Kyrkja i Russland vil seie at dei har flest truande og dermed har mest makt. Og nesten halvparten av dei russisk-ortodokse truande bur i Ukraina. Dersom desse identifiserer seg med Kiev, mister Moskva makt, seier Rimestad.

Han påpeikar at ukrainarane har ønskt autokefali heilt sidan landet vart sjølvstendig som følgje av at Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991.

– Særleg etter Ukraina-krisa dei siste åra har dei prøvd å frigjere seg frå Russland. For ukrainarane er det viktig å vere uavhengige frå Moskva, også ved å ha si eiga kyrkje.

Ønskjer samtale

Rimestad meiner det ikkje er rett å samanlikne situasjonen i dag med det som skjedde i 1054. Då kom det store skismaet som førte til at ortodokse og katolske kristne, også kalla austkyrkja og vestkyrkja, gjekk frå kvarandre.

– Moskva prøver å spele det opp til slike dimensjonar, men førebels har ingen andre stilt seg bak ei slik forståing, seier Rimestad.

Han ser teikn til at dei andre kyrkjene heller vil søkje samtale for å finne løysingar.

– Då Estland fekk si eiga kyrkje i 1996, tok det tre månader før dei vart samde igjen. Sjølvsagt er Ukraina mykje større enn Estland, men førebels synest eg ikkje det ser ut til å bli eit stort skisma, seier han.

Verst i vest

Dei fleste av verdas rundt rekna 300 millionar ortodokse kristne lever i land der ei kyrkje dominerer. Slik sett vil dei ikkje verte praktisk påverka av utfallet, men det stiller seg annleis i land der ortodokse er ein minoritet og fleire kyrkjer er representerte. Slik er det i Noreg.

– Det som skjer er først og fremst eit problem for ortodokse som bur i Vest-Europa og Amerika, forklarer Rimstad.

Powered by Labrador CMS