Ser på kartet og blinkar ut nye friskular
Indremisjonstopp ber kristne forsamlingar undersøkje om dei kan få reist kristne skular.
Sjølv har Nybø vore med på å starte tre kristne friskular på Sunnmøre: Møre ungdomsskole i Ålesund, Møre barne- og ungdomsskule Herøy og Møre barne- og ungdomsskule Skodje. Den første kom i gang i 1996, den siste i 2015.
Det gjorde Nybø etter nesten 20 år som lærar i den offentlege skulen.
– Eg har fått oppleve kor fantastisk det er å drive kristen friskule og få vere kristen lærar saman med elevane gjennom heile skuledagen. Det gjer at eg ivrar for å starte endå fleire slike friskular, seier Nybø.
Ser elevgrunnlag
Utfordringa formidla han i formannens tale under medarbeidarsamlinga til Indremisjonsforbundet i samband med leiarkonferansen til organisasjonen sist helg. I forkant hadde han kika han på kartet og samanlikna med oversikten over skular som er tilslutta Kristne Friskolers Forbund.
– Eg fann ein del område der det var langt til næraste friskule og der det burde vere befolkningsgrunnlag for ei slik satsing, seier Nybø.
Han nemnde konkret Sogndal, Voss, Stord og Bømlo på Vestlandet samt Konsmo eller Eiken i Agder.
Mange oppgåver
– Vi har ikkje vore i prosess med å starte skule. Eg veit at det er ein enorm jobb, og det blir eit spørsmål om kva vi skal prioritere å bruke tid på, seier Marit Hårklau Ådnanes, dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden som omfattar mellom anna Voss, Stord og Bømlo.
I så fall ser ho føre seg at det må vere grupper som tek eit sjølvstendig ansvar og ikkje krinsen som skal ha ansvaret.
På Stord er det ei gruppe som har jobba med å få i gang ein kristen skule, men ikkje tilslutta Indremisjonsforbundet. Nybø tek til orde for samarbeid med andre for å få i gang kristne skular.
Er i prosess
Den siste skulen Odd Asbjørn Nybø var med på å starte, Møre barne- og ungdomsskule Skodje, ligg i ein kommune med rundt 5.000 innbyggjarar.
Forsamlingsleiar Knut Kvamme i Voss Indremisjon fortel at det allereie før utspelet frå Nybø er foreldregruppe som har teke opp saka. Dei er i kontakt med Egill Danielsen stiftelse i Bergen, som også har starta skular i Nordhordland og Nord-Rogaland.
– I første omgang er det snakk om å undersøke grunnlaget for ein ungdomsskule, opplyser Kvamme.
Han meiner det er viktig at Danielsen har ansvaret fordi dei har erfaring og kompetanse med slik satsing. Elles trur han det kunne bli for krevjande lokalt.
Avventar engasjement
Krinssekretær Sondre Johannes Orrestad i Sogn og Fjordane synest Nybø tek opp ei aktuell utfordring. Han er sjølv utdanna lærar og bur i Sogndal der Indremisjonsforbundet har ei relativt stor forsamling, men har ikkje registrert at oppstart av kristen skule har vore eit stort tema.
– Trur du det kan bli aktuelt?
– Ein skal aldri seie aldri, men ein må ikkje hive seg inn i ein forhasta prosess. Dette tek tid, og ein må knytte seg til dei rette folka som har engasjementet og kunnskapen.
– Ingen ghetto
– Nokre vil meine det er uheldig å trekkje kristne lærarar og born frå kristne familiar ut av den offentlege skulen?
– Det er jo synspunkt ein møter og skal tenkje over, men eg opplever at skulane får mange elevar frå familiar som ikkje har noko forhold til kristen verksemd. Det er eit utadretta arbeid.
– Kva med uroa for at dette skal bli ghettoar?
– Det er ingen fare. Mangfaldet av elevar er så stort at denne risikoen ikkje er til stades. Det er også mange elevar som ikkje kjem dit fordi det er ein kristen skule, men fordi dei ønskjer seg eit anna skulemiljø.
– Stort potensial
– Indremisjonsforbundet har jo som ein del andre kristne organisasjonar utfordringar med å rekruttere til stillingar i misjonen. Korleis ser du på utsiktene til rekruttering av lærarar?
– Eg opplever at det har gått veldig greitt å få tilsett kristne lærarar og dyktige folk.
– Korleis ser du balansen mellom at misjonsorganisasjonane har fått færre støttespelarar og samstundes skal drive fleire institusjonar?
– Det er kanskje litt sterkt å seie at det er gjennom friskulane vi når lengst. Men dei vi når gjennom desse, når vi kvar einaste dag. Det gjer at eg ser dette som ei offensiv og framtidsretta satsing.
Kjærkomne gåver
Som andre stader har ein på Sunnmøre opplevd utfordringar med å finne eigna lokale. I det siste har dette skapt problem for skulesatsingar både på Stord og i Groruddalen i Oslo.
– Ein kan møte store utfordringar undervegs før ein kjem i gong, men eg trur Vårherre har passa på. Det trur eg framleis han vil gjere.
Friskulane får 85 prosent av løyvingane per elev som vert gitt til den offentlege skulen.
– Vi må klare å drive billegare enn dei offentlege skulane. Der eg har vore med, har vi fått gåver for å kome i gong, og det har vore kjærkome, seier Nybø.