KLEPPE BEDEHUS: Kjent for mange gjennom Klepp-saken, der ungdomsforeninga på bedehuset ikkje lenger fekk kulturstøtte frå kommunen, grunna det kommnuen meinte var diskriminering.
Foto: Karl Almedal
Siger til bedehusa
i Klepp-saka
Kommunen meinte bedehusa diskriminerte og ville ikkje støtta ungdomsforeiningane. I staden er det kommunen som har diskriminert, ifølgje Statsforvaltaren.
– Statsforvaltaren har konkludert med at sakene ikkje var forsvarleg faktisk og rettsleg greidde ut i forkant av klagenemnda si behandling, skriv Statsforvaltaren i Rogaland etter å ha gjennomført ein lovlegkontroll av kommunen sitt vedtak om å avslå støtte til fem kristne lag og foreiningar.
For dei fem bedehusforeiningane er dette ein siger i ein årelang kamp for å behalda kulturstøtta frå kommunen.
Derfor fekk dei ikkje støtte