Rakel Oline Moi fra Klepp er innstilt som leder for KrFU i Rogaland.
Alice Tegle
Sinne, irritasjon og skuffelse førte Rakel (19) inn i KrFU
Unge flest er ikkje politisk aktive. Men då trusutøving og livssyn kom på den politiske agendaen i Klepp vakna dei under 30 år.
– Eg var skuffa, sint, lei meg og irritert, seier Rakel Oline Moi.
19-åringen frå Klepp siktar til Klepp-saka, som enda med at politikarane i Klepp kommune på Jæren i Rogaland fjerna kulturstøtte til lag og foreiningar som forskjellsbehandlar homofile i verv og tilsetjingar.
Hos Moi blei sinnet til engasjement som blei til politisk toppverv på fylkesnivå.