– Sjelesorg avgjerande for kyrkja si framtid
I ny bok understrekar professor at sjelesorg er «morsmålet» som må kome til uttrykk i alle livsytringane til kyrkja.
– Sjelesorg er utruleg viktig som kyrkja sitt morsmål, som skal knytte samband mellom Gud og våre liv. Om ikkje kyrkja har det som hovudfokus, vil den få mindre å seie etter kvart, seier Tor Johan Sørensen Grevbo, blant anna tidlegare prest og professor i sjelesorg ved Høyskolen Diakonova i Oslo og Teologisk fakultet i København.
Ifølgje Grevbo har mange menneske gjeve sjelesorga ein litt avgrensa dimensjon. I ein kronikk han først fekk publisert i Aftenposten, forsøkte han å skape eit mindre fordomsfullt syn på sjelesorg.
– Eg har ynskt å vise det vide spennet sjelesorga faktisk har. I overordna forstand er den ei tilrettelegging for møte mellom Gud og menneske, ikkje minst der Han vert opplevd som fjern og løynd. Oftast krev dette ei varsam tilnærming utan store ord som kan spore av.
Sikre kyrkja si framtid
No har Grevbo gjeve ut ei ny bok kalla «Sjelesorg i teori og praksis» på Luther forlag, som byggjer ut grunnsynet på sjelesorga. Den går djupt inn i tema, men er også lettleseleg. Det er tenkt at den skal kunne brukast på masterutdanningar i sjelesorg, men òg som lesing for andre som har interesse for fagområdet.
– Boka har derfor ein stor agenda som sprenger grensene for ei meir snever framstilling av sjelesorg, seier han.
Manglande ansikt
Vidare fortel han om at sjelesorga sin karakter har hatt likskapstrekk med psykoterapi, men at sjelesorga i nyare tid ofte har mangla eit eige ansikt i høve til psykoterapien.
– Denne boka framhever sjelesorga sin eigenart og teologiske profil. Den skil seg frå mange sjelesørgjarmiljø i Noreg ved at den har ein meir konservativ profil. Sjelesorga har ein dimensjon av håp og meining psykoterapien ikkje kan formidle på same måten.
Han meiner det er viktig at psykologar ikkje ser på trusspørsmål som ein blokade for andre ting dei opplever som viktigare.
– Nokre gongar ligg noko av kjernen i dei spørsmåla ein slit med på det religiøse og trusmessige feltet. Av og til må sjelesorga bidra til å løyse opp i problem som den kristne oppvekst og påverknad kan ha skapt. Det er ikkje all kristen påverknad som har vore av det gode. Der kan ein klok sjelesørgjar vere til hjelp.
Skeptiske psykoterapeutar
Sjelesorga opnar for samarbeid i tverrfaglege retningar som sosiologi, filosofi og diverse kunstfag. Sjelesorg inneber ikkje berre ei samtaleform, den inneheld fleire element, seier Grevbo. Han er oppglødd over at Tidsskrift for Norsk psykologforening har skrive om boka og presentert kva sjelesorg kan trø til med som psykoterapien ikkje kan på same måte.
– Eg presenterer sjelesorg som noko anna enn ei diffus form for psykoterapi. Enkelte terapeutar er skeptiske til at sjelesorga vert lik det dei driv med. Men sjelesorga har eit anna fundament og kan nå inn der psykologar ikkje når inn på same måten.
Han opplever at folk er meir interesserte i sjelesorg enn det mange trur. Samstundes peikar han på at mange av desse folka er blyge når dei skal uttrykkje si interesse for kristen tru og livshjelp.
– Det er ei auka trong for sjelesorg som tar trus– og livsspørsmål på alvor i lys av kristen tru og tradisjon, men utan å presse dette inn på menneske.
– Åndelege overgrep
– Sjelesorga har stundom i si historie møtt menneske med alt for enkle løysingar, der ein ikkje har opplevd seg som verdifull som menneske i det heile. Ein kan kalle det for åndelege overgrep, der folk har vorte møtt med eit såkalla kristeleg ultimatum.
Ifølgje Grevbo møter til dømes sjukehusprestar mange menneske som ikkje har noko klar trusposisjon. Likevel vil dei gjerne snakke med ein prest i livskrisa si.
– Sjelesorg er aktuelt i mange samanhengar, noko folk kanskje ikkje er klare over. Sjølv om sjelesorg kan praktiserast av mange utan spesialutdanning, er det også eit viktig fagområde det vert undervist i og forska på.
– Positiv variasjon
– Er det eit auka behov for sjelesørgjarar med ulike teologiske bakgrunnar?
– Det er klart at sjelesørgjarar med ulike teologiske haldningar og personlegdomar kan utgjere ein positiv variasjon for mange menneske i møte med sjelesorg.
Ei sjelesorg som meir eller mindre har gjeve opp sitt teologiske fundament, eller berre lét det skine tynt igjennom, slik at det vert ei slags rein terapeutisk sjelesorg, er Grevbo samstundes skeptisk til.
– I den førre boka mi «Sjelesorgens vei», identifiserer eg åtte sjelesørgjeriske hovudretningar. Alle har noko å bidra med, men åleine vert dei litt tynne i eit teologisk og kyrkjeleg perspektiv.
– Stort samtaleområde
Grevbo har ved fleire høve vore sjelesørgjar for menneske med andre religiøse bakgrunnar.
– Då har vi vore inne på ting vi kan vere felles om og som ligg på det mellommenneskelege planet og trongen for å ha ein Gud å støtte seg til. Det har vi gjort utan at eg på nokon måte ville overtale, til dømes muslimar, til å tru på den treeinige Gud. Sjelesorg er eit stort samtaleområde religionar imellom, ikkje minst i ein sjukehussamanheng. På masterutdanninga eg stod for ved Københavns Universitet, var det med ein muslim som studerte sjelesorg og opplevde det svært givande.