SJØFART: Skipet Pearl Seaways utanfor Filtvedt i Oslofjorden.
Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB
«Sjømann» og «mann over bord» kan bli historie
Sjøfartsdirektoratet har kome med forslag til kjønnsnøytrale uttrykk som skal erstatta dei tradisjonelle.
Det er fleire ord Sjøfartsdirektoratet vil ta i kjønnsnøytral retning.
Døme på dette er «sjømann», som kan gå over til å heita «sjøfolk»/«arbeidstakar», og «båtmann», som kan bli endra til «sertifisert førar av redningsfarkost».
– Som venta skaper dette ulike reaksjonar, men det er også difor me no har saka ute på høyring med frist 11. mars. Me vil avventa høyringa før me kan seia noko meir om reaksjonane på forslaget vårt, presiserer Dag Inge Aarhus i ein e-post til Dagen.