INSPIRERT: Rolf Kjøde meiner norske kristne har mykje å hente frå dei veksande kyrkjene i det globale Sør.
Bjørn Olav Hammerstad
Sju gode nyheiter om global kristendom i 2023
Den kristne veksten overgår det tidlegare generasjonar kunne førestille seg, ifølgje fersk forskingsrapport.
Aldri før har det vore så mange kristne i verda, ifølgje Status of Global Christianity 2023.
Befolkninga har no passert 8 milliardar, og 2,6 milliardar av desse er kristne.
– Alt i denne rapporten er kjempeinteressant, synest førstelektor Rolf Kjøde ved NLA Høgskolen.