Skjult badeparadis med misjonsrøter
I ein sveitservilla ved Oslo-fjorden har norske misjonærar på sommarferie kunna nyte sjø og svaberg i over 70 år. No er strandperla Bakken open for alle.
Du må nesten vite kvar du skal for å tørre å køyre vidare. Den smale vegen som snirklar seg over Malmøya rett utanfor Oslo, er bygd i ei anna tid. Det er også den raude villaen med namnet Bakken, som dukkar opp mellom høge furutre. I 1876 var sveitservillaen ny, bygd som sommarbustad for ein borgarskapsfamilie i hovudstaden. I 1941 kjøpte Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) området for 42.000 kroner.
NLM rakk likevel ikkje å gjere så mykje før tyskarane under andre verdskrigen annekterte eigedommen. Då krigen var over, måtte det til ei kraftig opprydding før misjonærfamiliar kunne byte ut misjonsmark med strandidyll.
– Bakken blei kjøpt inn for å vere ein samlingsstad for misjonærar og familiane deira når dei var heime i Noreg om sommaren. Framleis er det mange gamle misjonærfamiliar som tek turen hit saman med barn og barnebarn, fortel Nina Jakobsen Testa som sit i styret til Bakken.
Besteforeldra hennar var sjølve misjonærar og budde i villaen på Malmøya om sommarane. Brygga med det vesle raude badehuset har Testa nytta som ei avkjølande oase heilt sidan ho var barn.
– Dei 20 siste åra har NLM også opna dørene også for andre. Dette har blitt sett på som positivt, seier Testa.
– Sommarens høgdepunkt
På verandaen i den staselege villaen sit tre gutar og et frukost. Saman med foreldra Torunn og Øystein Strømme er dei vertskap på Bakken ei vekes tid. Det er den femte sommaren småbarnsfamilien set av ei veke for å leve rolege dagar på øya i Oslofjorden. Ekteparet har brukt Bakken heilt sidan dei var studentar og begynte å gå i Misjonssalen for rundt 20 år sidan.
– Det er heilt fantastisk å vere her. Det er så fint med den vekslinga der vi både kan slappe av i den idyllen det er å bu her ute, samtidig som vi kan bidra som vertskap ved å halde dørene opne og slå av ein prat med folk som kjem innom. Litt av oppgåva vår handlar om at folk skal kjenne seg velkomne her, seier Torunn Aanesland Strømme.
Ho fortel at dei i tillegg tek seg av småarbeid i hagen, som plenklipping og stussing av busker. Dei tre gutane har også fått ei spesialoppgåve, å jage vekk gjessene som nokre gonger blir litt vel nærgåande. Sønene fortel om både krabbefiske, ein mink under badehuset og ein tam rev på besøk.
– Når vi er her kan eg bade akkurat når eg vil, seier Elias (10) og smiler stort.
Veslebroren Isak (8) har lært seg å svømme denne sommaren, medan minstemann Aron (2) får flyte fornøgd rundt med baderingar på armane.
– Veka på Bakken er den sommarveka barna våre gler seg mest til, seier Strømme.
Kristen tone
I tillegg til hovudhuset med 14 sengeplassar og vertskapsrom, ligg det ei lita, raud hytte på den romslege eigedommen. Ein furunålkledd sti viser veg til det som blir kalla Colletthytta. Namnet kjem av at rykta seier at Camilla Collett skal ha hatt nokre av skrivestundene sine der. Hytta som er omkrinsa av gammal, ærverdig skog, er omtrent fullbooka heile sommaren.
Under Norway Cup er eit fotballag innkvarterte i hovudhuset. At det tidlegare sommarhuset for misjonærar no kan brukast av alle, har så langt fungert godt. Nina Jakobsen Testa i styret synest likevel det er fint at dei som bur og besøkjer Bakken er klar over kva slags plass dei er på.
– Det er ein stad med visse verdiar. Derfor er til dømes heile området alkoholfritt, fortel ho.
Jesus dukkar opp i glas og ramme på veggane i fleire av romma. Ein plakat som tydeleg har hengt ved hovuddøra meir enn ein sommar, fortel at «Alle er vi skjønt enige om at Bakken er et godt og trivelig sted. Derfor er det for oss alle en kjær plikt å verne om stedet. Nettopp DU har din del av ansvaret for at det hersker en kristen tone her.»
Avgjerande dugnad
På slutten av 90-tallet blei det skilt ut tre tomter frå Bakken, noko som gav god inntekt og gjorde at ein kunne ta seg råd til ei storrenovering av huset og området. Eigedommen er kostnadskrevjande å halde ved like. Sjølv om det er mange som brenn for Bakken, har Testa inntrykk av at det er litt vanskelegare enn før å få folk til å stille opp.
– Eg har prøvd å forstå kvifor. Folk har kanskje meir på programmet enn før, det er ein annan måte å leve familielivet med aktivitetar som barna går på. Kanskje det vanskeleg å bitte seg til noko forpliktande? undrar ho.
– Vi er heilt avhengige av at badegjestene betalar for seg, samtidig som vi treng frivillig innsats. Vi opnar 1. mai og stenger i slutten av september og har dugnad både om våren og hausten, fortel Testa.
Ein informasjonsplakat ved parkeringsplassen fortel at besøkande kan vippse 25 kr per person og 25 kr for parkering når dei brukar badeplassen. Vertskap Torunn Aanesland Strømme har inntrykk av at dei besøkande tek ansvar.
– Eg ser at folk stoppar opp ved plakaten og fører over pengar med mobilen, seier ho.
Verdfullt
Det inntrykket stadfestar Jone Husvegg som er leiar i Bakken-styret.
– Vi går godt i pluss, men inntektene står nok ikkje heilt i stil til verdien av eigedommen, seier han.
I dag er det verneverdige huset og tomta taksert til 20 millionar kroner, men det er vanskeleg å vite kva marknadsverdien vil vere då slike unike eigedommar sjeldan blir lagt ut for sal.
– Korleis ser du føre deg framtida til Bakken?
– Så lenge NLM vil behalde Bakken, ønskjer vi i styret å drive plassen vidare. Både barnefamiliar og ungdommar kan ha det veldig kjekt her. Det er ingen tvil om at Bakken er av stor verdi for folk, seier Husvegg.