Andrea Øien Sæverud
Skreiv boka ho ikkje fann
Då Victoria Bø ikkje klarte å finne den rette boka å ha med i sekken på pilegrimstur, bestemte ho seg for å skrive den sjølv.
For seks år sidan skulle Victoria Bø gå pilegrimsleia til Santiago de Compostela i Spania. Ho er forfattar og forlagsredaktør i Luther forlag. Som det lesande mennesket ho er, var det naturleg å pakke med ei bok. Men å finne ein god turkamerat mellom to permar viste seg å vere vanskeleg.
– Eg fann store praktbøker og konkrete guidar, men ikkje ei bok som passa som det turfølgjet eg ønskte meg, seier Bø.
På vandringa mot Santiago leita ho fram notisboka på kveldstid og skreiv ned tankar og erfaringar ho hadde gjort seg gjennom dagen. Notatane har no i resultert i boka «Vandring», som er skriven nettopp med tanke på å vere eit godt pilegrimsfølgje. Det er ikkje tilfeldig at boka kjem i paperback, det skal vere freistande å pakke den med seg i sekken i ti dagar.