Skuffa, men kampklar
– Skal KrF ha ein sjanse, må vi ta makt og posisjonar for å halde på at vi er eit sentrumsparti, seier den erfarne KrF-politikaren Trude Brosvik, som støtta ei raud regjering.
Langt framme i landsmøtesalen, i skuggen av ei rekkje tv-kameraer, sit Brosvik, som i årevis har teke til orde for eit samarbeid med venstresida i norsk politikk. I salen står det grupper med delegater som let tårene renne. Dei klemmer og trøystar kvarandre.
– Ein sjanse
Brosvik er innstilt på andreplass på KrF-lista til vervet som fylkesordførar i det nye fylket Vestland, samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Ho er mangeårig leiar av Sogn og Fjordane KrF og er no gruppeleiar i fylkestinget.
– Kjem du til å vere like aktiv i KrF framover?
– Eg har hatt ein runde med meg sjølv. Dei siste dagane har eg kjent at motivasjonen er der. Eg kjem til å satse for å vere på toppen i Vestland KrF: Skal KrF ha ein sjanse, så må vi som er sentrum-venstre ta makt og posisjonar for å halde på at vi er eit sentrumsparti. Så ja, eg gjev alt.
– Tidenes løftebrot
Det er berre få minuttar sidan det vart endeleg klart at partileiar Knut Arild Hareide kjem til å gå av.
– Vi har veldig god råd når vi mister ein så god leiar. Det uroer meg. Eg er redd for at vi no går inn i regjering på tidenes løftebrot. Vi blir klistra til FrPs retorikk og politikk, seier Brosvik.
Viss KrF vel å gå inn i regjeringa Solberg etter forhandlingar, reknar Brosvik med at dei også vil gå til val på det same alternativet i 2021. Det valet vil dei ikkje vinne, trur ho.
– Eg trur ikkje ei borgarleg regjering vil vinne det tredje valet. Då trur eg vi legg vi til rette for ei sosialistisk regjering i staden for at vi kunne danne eit sentrum-venstre-alternativ med gulfarge.
– Det var ein uro for at ein vil miste mykje av fotfestet på Sørlandet og Vestlandet viss ein hadde valt å gå til raud side. Deler du den uroen?
– Nei. Vi har sett i denne prosessen at fotfestet på Vestlandet ikkje er så blått som einskilde vil ha det til. Der det vart blått, var der ein brukte blå makt og ikkje hadde demokratisk sinnelag. Eg opplever at det er mykje meir jamnt fordelt enn Agder, Rogaland og deler av Hordaland likar å tru. Eg trur det er der framtida til eit kristendemokratisk parti ligg.
Første utmeldinga
Ho trur tida framover vert krevjande.
– Eg har allereie fått den første utmeldinga, seier ho og ser ned på mobilen som ligg på bordet.
– Det er ikkje ein raddis som har meldt seg inn for å melde seg ut att. Eg trur vi har mest å hente i det verdibaserte segmentet som ser at dei blå vindane over Europa ikkje er av det gode.
– Eit argument som var framtredende var at ein kan få gjennomslag for endringar i abortlov i forhandlingar med Høgre-regjeringa. Er ikkje det eit gyldig argument for regjeringsdeltaking?
– Eg trur ikkje på det. Men no får dei eit høve til å vise det. Kjell Ingolf, som har gått hardt ut på alle fylkesårsmøte og snakka om dette, har no eit stort ansvar på skuldrene sine, saman med Erna - og forsåvidt kommunikasjonsavdelinga i Høgre, seier ho.
Usikker på forhandlingar
Fylkesleiar Beate Bondevik Lie i Sogn og Fjordane er er også skuffa. Ho er ikkje heilt sikker på at sonderingene med høgresida vil føre fram.
– Først må ein forhandle. Det har ein forsøkt ein gong før, så det er ikkje sikkert at det går denne gongen, heller. Eg avventer litt og ser, seier ho og viser til KrFs sonderinger med Høgre og Frp etter valet i 2013.
Også ho blir med vidare i partiet.
– Eg vil jobbe vidare for det eg er oppteken av og dei sakene eg brenn for, uavhengig av regjering. Og eg vil snakke like høgt som eg gjer no, sa Bondevik Lie.
– Vi må unne oss eit par dagar der vi er demotiverte og skuffa. Så må vi gå på igjen, seier Bondevik Lie.