DIGITALE BØNNEVEGGAR: Digitale bønneveggar får folk til å trykke sine tastar små i takk og bønn til Gud.

Slik ber nordmenn på nett

– For Gud er det ikkje så nøye om det vi ber om er godt formulert, seier professor.

Publisert Sist oppdatert
BØNNEBEHOV: – Eg trur det er eit stort behov for eit slikt tilbod, seier Harald Endresen i Norea Mediemisjon. Han starta den første norske digitale bønneveggen i 2014 etter inspirasjon frå USA.

– Bønnesida hadde enorm trafikk, det var nærmast som ein klagemur. Det greip meg veldig å sjå denne nøden som tydelegvis var ute blant folk. Samtidig var det sterkt å sjå korleis Gud greip inn i kvardagen til menneska, fortel han.

Då Endresen kom tilbake til Noreg, fekk han lyst til å sjå om han kunne få til noko liknande her i regi av Norea. Organisasjonen driv kristent mediearbeid i store delar av verda og er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. I 2014 fekk Endresen på plass den digitale bønneveggen, den første i sitt slag her til lands.

– Eg trur det er eit stort behov for eit slikt tilbod. Mange i dagens samfunn har behov for å gå ein stad med det som tynger og er vanskeleg, men også med gledene i livet, seier han.

Godt å bli sett

Bønneveggen fungerer slik at du kan legge inn bønner anonymt, men systemet krev likevel at du registrerer deg med til dømes ein Facebook eller Twitter-konto. Når nokon andre ser bønna di, kan dei gi tommel opp for å vise at dei har sett og bedt. Aktiviteten på sida varierer. Enkelte veker kjem det ingen bønner, andre veker kan dei få fem, seks innlegg.

Då tenesta blei oppretta, var Endresen usikker på om folk kom til å tulle eller legge inn hatmeldingar, men tenesta er så langt ikkje blitt misbrukt. Informasjonsleiaren i Norea vedgår at veggen ikkje fungerer heilt optimalt, men at dei har planar om å gjere sida meir brukarvenleg. At dette er noko folk har behov for, er han heilt sikker på.

– Eg trur det er godt for folk å få poste noko på den digitale bønneveggen og sjå at nokon andre faktisk har sett og bedt for det. Det kan vere med på å bære folk gjennom tunge tider, seier Endresen.

Han trur tilbodet om ein bønnevegg på nett er spesielt viktig for dei som ikkje har ein fast kyrkjelyd å gå i.

– For enkelte kan det vere vanskeleg å vere i ei forsamling, dei har kanskje sår frå fortida. Då er det fint at vi kan skape eit bønnefellesskap også for dei som ikkje tilhøyrer ei forsamling på anna vis.

DIGITALE BØNNER: Eksempel på bønner som er lagt inn på Norea Mediemisjon sin digitale bønnevegg.

– Stort potensial

For godt og vel eit år sidan opna også Den norske kyrkja ein bønnevegg på nett. Der er det alltid ope, ein kan dele ei bønn, eller til og med klikke for å tenne eit lys. Om du vil, kan du også legge inn kva kyrkje i landet du ønskjer å be frå. I skrivande stund er det meir enn 2.100 tende lys og bønner på sida.

– Tilbakemeldingane er gode. Mange synest det er godt å kunne dele tankar, bekymringar og omsorg for livet, Noreg, miljøet, verda og andre menneske ved å skrive det ned på denne måten, seier digital redaktør Svend Ole Kvilesjø i Kyrkjerådet.

Han fortel at kyrkja no jobbar for at fleire skal få opp augene for bønneveggen og trur potensialet for konseptet er stort. Alle innlegg blir gjennomlesne før dei blir synlege på bønneveggen. I enkelte tilfelle blir namn i bøna anonymisert.

– Alle treng ikkje å vite alt, men Gud veit uansett, seier Kvilesjø.

Porno-elefant

Kvar fredag etter lunsj samlar dei som jobbar i Norea Mediemisjon seg for å be i fellesskap for det som har kome inn på den digitale bønneveggen siste veka. I tillegg får dei bønneemne frå folk på både telefon, e-post og facebook.

Aktuelle hendingar frå nyheitsbiletet har vist seg å trigge folk til å skrive ei bønn eller tenne eit lys. Bønneveggane til både Norea og Den norske kyrkja avslører også at folk er særskilt opptekne av to bønneemne: sjukdom og utfordringar i parforholdet eller andre familierelasjonar.

– Vi har også fått fleire bønner frå folk som slit med pornografi. Det er ein stor elefant i kristne samanhengar og kanskje ikkje like kult å fortelje om til ein sjelesørgjar. Eg har blitt overraska over kor personlege folk vågar å vere på bønneveggen vår, fortel Harald Endresen i Norea.

Bryt einsemda

BANAR VEG: Å skrive inn ei bønn på nettet, kan vere det første steget for å kome seg ut av det ein slit med i livet, trur professor i religionspsykologi Lars Johan Danbolt.

– Det er fint om desse sidene også opnar opp for vidare kontakt, til dømes gjennom eit telefonnummer. Som med alle andre digitale medium må ein vere merksame på om dei bidreg til å distansere oss frå det personlege møtet mellom menneske, seier han.

Samtidig trur han at å skrive inn ei bønn på nettet, kan vere eit viktig steg for å kome seg ut av det ein kavar med i livet. Når andre les det vi har bedt om, kan det bryte kjensla av einsemd, trur Danbolt. I neste runde vågar ein kanskje å ta det vanskelege opp med ein sjelesørgjar.

– Mykje av det folk slit med kan verke kaotisk og diffust. Men ved å formulere seg gjennom bønn, kan ein starte ein bearbeidingsprosess. For enkelte kan dette bli det første steget for å kome seg ut av ein skamfull sirkel, seier Danbolt og legg til:

– For Gud er ikkje det så nøye om det vi ber om er godt formulert.

---------

Fakta: Bønnevegg på nett

Både Norea Mediemisjon og Den norske kyrkja har digitale bønneveggar på nett.

Her kan du anonymt legge inn forbønnsemne som gjeld anten deg sjølv eller andre.

Bønna er synleg for alle og bør derfor ikkje innehalde noko som kan identifisere dei det gjeld.

Du finn den digitale bønneveggen til Norea her, og Den norske kyrkjas bønnevegg her.

Powered by Labrador CMS