VIKTIG FRAMKOMSTMIDDEL: Hurtigbåt er eit viktig framkomstmiddel for dei som vil ta seg fram langs Kystpilegrimsleia med offentleg transport. Her hurtigbåten i Sollibotn i Eivindvik i Sogn.

Slik er du pilegrim på Vestlandet

For to år sidan blei Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim offisielt opna. Ei ny reisehandbok gjev deg kunnskap om dei viktigaste plassane og praktiske reisetips om du vil prøva deg som pilegrim langs kysten.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har vore oppteken av at det skal leggjast til rette for individuelt reisande, slik at folk kan reisa kystpilegrimsleia når dei har lyst og det strekket dei ønskjer. Du treng ikkje nødvendigvis vera med på ein organisert tur eller ha eigen båt. Eg skrive denne boka for å visa korleis det går an å ta seg fram med offentleg transport, seier forfattaren bak den nye reisehandboka for Kystpilegrimsleia, Margun Pettersen.

PÅDRIVAR: Margun Pettersen blir av nokre omtalt som «mor» for Kystpilegrimsleia. No har ho skrive ei reisehandbok om korleis folk kan ta seg frå stad til stad langs leia og kva dei kan oppleva.

«Mor» for leia

Boka er skriven på oppdrag frå Nasjonalt Pilegrimssenter. At boka er ført i pennen av Margun Pettersen er ikkje tilfeldig. Ho er ein av pådrivarane for Kystpilegrimsleia. Nokre har kalla henne mor for heile leia.

Allereie i 2009 fekk ho i oppdrag å reisa langs kysten for å sjå korleis den gamle kystpilegrimsleia frå mellomalderen kunne leggjast til rette for moderne pilegrimar. Oppgåva kom som ei følgje av at regjeringa hadde vedteke ei nasjonal pilegrimssatsing.

– Biskopen i Stavanger var oppteken av at kysten også måtte med i denne satsinga, fordi kysten i mellomalderen var hovudvegen for pilegrimane som skulle til Nidaros, forklarer Pettersen.

Sjølv peikar ho på at kysten er full av historiske hendingar som har vore med på å forma oss både som menneske og nasjon.

Reisetips til nøkkelstader

Kystpilegrimsleia er bygd opp rundt 26 nøkkelstader frå Egersund til Trondheim Nøkkelstadane er utvalde stader i kvart fylke med stor historisk og kulturell verdi. På desse stadane kan pilegrimane også få stempel i pilegrimspasset sitt.

– Medan innlandsleia legg stor vekt på det å gå frå stad til stad, har nøkkelstadane vore det som har blitt mest framheva med Kystpilegrimsleia. Korleis ein kjem seg frå stad til stad, har vore litt mindre viktig, seier Pettersen.

Det håpar ho at den praktiske reisehandboka hennar kan retta på. I tillegg til å fortelja om dei 26 nøkkelstadane og visa korleis heilagstader og kulturminne ligg som perler på ei snor langs kysten, inneheld boka massevis av reisetips for korleis folk kan koma seg frå stad til stad. Lesarane får også tips til kor dei kan overnatta, kor dei kan skaffa seg mat og kor dei kan få meir informasjon.

På land og sjø

Mesteparten av Kystpilegrimsleia skal ifylgje Pettersen helst gå føre seg til sjøs. Samtidig har det vore viktig for henne at folk ikkje skal vera avhengig av eigen båt eller organiserte turar. Reiseruta er difor lagt opp som ein kombinasjon av vandring og offentleg transport med hurtigbåt og buss.

Ho forstår at folk kan stussa på om ein kan finna pilegrimsstemning på denne måten.

– Eg lurte sjølv på om eg ville få den same pilegrimsopplevinga når eg reiste med buss og båt saman med folk som var på heilt andre turar. Men eg oppdaga at eg fekk ei pilegrimsoppleving då også. Eg trur det handlar om innstillinga ein har til ein slik tur, seier Pettersen og strekar under at det er viktig å bruka tid og ikkje hasta av stad.

Ho meiner dessutan ein fordel med Kystpilegrimsleia er at folk som ikkje greier gå langt, også kan reisa på pilegrimsferd, sidan det er lagt opp til kortare vandringar.

– Nokre stader treng ein berre gå frå kaien og opp til nøkkelstaden.

HISTORISK SUS: Kystpilegrimsleia er rik på historie og vakker natur. Her frå Avaldsnes som mellom anna er kjent for det eldste kongesete i Noreg. Olavskyrkja i bakgrunnen var ein viktig stoppestad for pilegrimar som skulle til Nidaros.

– God planlegging viktig

Ein annan fordel med Kystpilegrimsleia er ifylgje Pettersen at sesongen er lengre enn pilegrimsleiene innlandet. Sjølv reiste ho Kystpilegrimsleia saman med ei venninne i februar for å kontrollsjekka opplysningane i boka.

– Vi hadde snø og vind, 40 millimeter regn ein dag og vindstyrke 19. Same dagen hadde vi åtte ulike bussar, ein hurtigbåt, ei ferje, i tillegg til at vi gjekk seks kilometer. Men det gjekk veldig bra, seier Pettersen som er imponert over logistikken med bussar og offentleg transport ute i distriktet.

Samtidig strekar ho under at det er viktig med god planlegging.

– Det er forskjell på helg og kvardag, skuleferie og ikkje. Første gongen eg prøvde å leggja opp turen i februar, blei vi sitjande ei helg på ein liten plass fordi bussen ikkje gjekk.

Pettersen oppmodar elles folk om å bestilla overnattingsplass på førehand og til å sjekka om det er butikk på staden.

– Litt nødproviant i sekken er uansett alltid lurt å ha, seier ho.

RETT INNSTILLING: Margun Pettersen (bakerst med raud ryggsekk) meiner det går fint an å reisa som pilegrim med offentleg transport viss ein har den rette innstillinga. Her frå i 2009 då ho prøvde seg som pilegrim langs kysten saman med tre venner.

Ein seglas for livet

I tillegg til konkrete reisetips om korleis ein skal koma seg frå nøkkelstad til nøkkelstad, inneheld boka forslag til ei samanhengande reise frå Egersund til Trondheim over 24 dagar.

Margun Pettersen meiner likevel det kan fungera like bra å dela opp ruta og velja seg ut nokre nøkkelstader ein vil besøkja. For henne handlar ikkje pilegrimsvandring berre om å nå eit bestemt reisemål og sjå tilbake på historia.

– Det handlar også om å møta historiene, legendene og helgenane langs kysten som har stått opp for verdiane dei trudde på. Eg kjenner at eg blir utfordra av dette. No er det vår tur til å stå opp for det vi ønskjer skal prega samfunnet framover. Pilegrimsvandring er ikkje berre ei nostalgisk, historisk reise. Eg opplever at det utfordrar livet vårt i dag og, seier Pettersen.

Ho meiner Kystpilegrimsleia kan karakteriserast som ein livsseglas.

– For meg blir det eit konkret bilete på livet og innsikt til dei store spørsmåla.

VANDRING PÅ HISTORISK GRUNN: Kystpilegrimsleia byr på mange vandringar på historisk grunn. Her på Selja som blir rekna som det eldste pilegrimsmålet i landet.


Powered by Labrador CMS