Slik kan KrF få politisk innverknad
KrF vil neppe regjere med Frp sjølv om dei skulle få sigrar innan bioteknologi, trur valforskar Bernt Aardal.
Stortingsvalet gav nedgang i oppslutning for alle dei fire ikkje-sosialistiske partia, samstundes som dei heldt på Stortingets fleirtal.
No skal det store valnederlaget evaluerast grundig i KrF, og i tida framover må dei ta stilling til korleis dei skal samarbeide med Venstre, Høgre og Frp. Partiet kan i teorien velje mellom følgjande:
1. Gå inn i regjeringa.
2. Inngå samarbeidsavtale.
3. Samarbeide frå sak til sak.
4. Felle regjeringa.
Regjere med Frp?
KrF-leiar Knut Arild Hareide har allereie slått fast at det ikkje blir nokon samarbeidsavtale med Høgre/Frp-regjeringa. Hareide og Venstre-leiar Trine Skei Grandes primærval er å gå i regjering med Høgre og flest mogleg sentrumsparti. Men dette alternativet har ikkje fleirtal på Stortinget, og valforskar Bernt Aardal ser det som «heilt urealistisk».
Valnatta lanserte Pål Kårbø, fylkesleiar i Hordaland, eit forslag om å vurdere å regjere med Frp likevel. Det har førebels lite støtte elles i partiet, og det blir vist til vedtaket i landsstyret frå i fjor om at det er uaktuelt å regjere med Frp.
Bioteknologi
Samstundes kan KrF risikere å tape verdikampar om dei står utanfor regjering og utan nokon avtalar, som kampen mot sorteringssamfunnet. Det nye Stortinget skal handsame bioteknologimeldinga, og i kjølvatnet kan det kome forslag om å liberalisere lova på ei rekke felt, til dømes når det gjeld eggdonasjon og gentesting av fostre.
Sentrale kjelder i KrF avslår høvet for å gå i regjering dersom dei får gjennomslag på bioteknologisaker, og peiker på at KrF er eit fleirsaksparti. Dei kan ikkje «skifte kurs sånn over natta». Dersom det skulle bli aktuelt å regjere med Frp, må KrF gå fulle runder i alle partiets organ. Men dette er truleg svært lite aktuelt, blir det understreka.
Friast i opposisjon
Venstre er for tida i tenkeboksen på om dei skal gå inn i dagens regjering.
– Antakeleg er det mindre aktuelt å gå inn i regjeringa no enn det var i 2013, seier valforskaren.
Han peikar på at alle fire partia då gjekk til val på ei borgarleg regjering, men at Venstre og KrF i forhandlingar fann det best å stå utanfor grunna for stor politisk avstand.
– Den avstanden har ikkje blitt mindre dei siste fire åra, snarare tvert i mot. Å gå inn i regjeringa vil verke veldig overraskande, seier Aardal.
Han meiner KrF no har ei utfordring med at det er stor usemje internt om kva politisk side partiet høyrer til. KrF-politikarar og veljarane deira er splitta mellom motstand mot Ap og motstand mot Frp.
– Med eit slikt dårleg valresultat er KrF avhengig av å markere ein klar profil i forhold til dei andre partia og regjeringa. Kor kan dei markere seg friast? At det skal skje i regjering når dei er så små, er vanskeleg å tenke seg, utjdupar han.
Ifølge Klassekampen er både KrF og Venstre opptekne av å sparke integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) ut av regjeringa. Det er neppe noko Frp vil gå med på.
– Trur du det kan freiste KrF nok til å gå i regjering om dei får kasta Listhaug, og om dei får gjennomslag i saker som bioteknologi og oljeboring?
– Det veit eg ikkje. Det er vanskelege vedtak som KrFs leiing og stortingsgruppa må ta på kva som er nok for å bli med. Uansett vil det vere delte meiningar i partiet om dette.
Kjøtvekta
– Det kan freiste for parti at dei kanskje kan vinne nokre få sigre. Samstundes må du bite i deg at regjeringas fleirtal vedtek ting du kan vere usamd i. Om det blir firepartiregjering er Venstre og KrF såpass svake at kjøtvekta vil gi dei problem. I Stortinget har dei ein annan situasjon. Der kan kvart parti rett og slett blokkere forslag frå regjeringa på ein heilt annan måte enn om dei sit i regjering. Eit lite parti kan ha meir vetomakt på Stortinget enn i regjering, seier Aardal.
– Men då kan også regjeringa søke fleirtal med andre parti på Stortinget?
– Jo, men då får småpartia markert sitt primærstandpunkt.
Han meiner det verkar mest truleg at KrF kjem til å samarbeide frå sak til sak med ei borgarleg regjering. Også Venstre er i ei utsett posisjon.
– Eg blir veldig overraska om Venstre og KrF går inn i ei like forpliktande samarbeidsavtale som i 2013. Hugs at Venstre kom over sperregrensa no, men er blitt ordentleg skremt. Dei kara seg over, men det er truleg grunna støttestemmer frå Høgrefolk. Klarar ikkje Venstre å markere si eiga profil, kan dei risikere at det går gale.
KrF har vore positiv til å støtte regjeringa frå Stortinget, men ikkje for ein kvar pris. Dei vil ikkje støtte ei regjering som går mot KrFs standpunkt som å til dømes verne Lofoten, Vesterålen og Senja, å ikkje liberalisere alkoholpolitikken, og å seie nei til tidleg ultralyd, aktiv dødshjelp og søndagsopne butikkar, ifølgje Dagbladet.