Slik påverkar Bibelen litteraturen til Jon Fosse
Ekspert trur kristne kan ha stort utbytte av å lese bøkene til den ferske nobelprisvinnaren.
Torsdag formiddag er det klart at den første nordmannen på nesten 100 år blir tildelt Nobels litteraturpris.
– Eg er overvelda, og svært glad og takksam, seier Jon Fosse i ei pressemelding frå Det Norske Samlaget.
Den ferske nobelprisvinnaren har tidlegare peikt på Bibelen som ein av dei viktigaste bøkene for litteraturen hans.
– Utan kjennskap til Bibelen, ja så står ein nesten på berr bakke i møtet med europeisk kultur, med litteraturen, teateret og biletkunsten, sa han til Dagen i 2016.
Blei katolikk
Det er tre nordmenn som har vunne den gjeve prisen tidlegare.
Bjørnstjerne Bjørnson (1903). Knut Hamsun (1920). Sigrid Undset (1928). Og nesten 100 år seinare, Jon Fosse (2023).
Av dei tre har fleire vore religiøse. Sigrid Undset konverterte til Den romersk-katolske kyrkja.
Den omstridde Hamsun skal ifølgje ny forsking ha blitt personleg kristen etter krigen.
Og i 2013 valde Fosse å bli katolikk.
Då NRK intervjua han i 2016, var han tydeleg på kva han trur på.
– Viss du konverterer til den katolske kyrkja, reknar du deg sjølvsagt som kristen, noko som vil seia at Kristus får ein sentral plass i måten du forstår livet og verda på, sa han den gongen.
Bibelen har vore viktig
Åse Høyvoll Kallestad jobbar med litteratur i lærarutdanninga og er dosent ved Høgskolen på Vestlandet.
Ho reagerte med jubel då ho fekk nyhenda om at Fosse blir tildelt den gjeve prisen.
– Det er stort, seier ho, og forklarar at delar av den planlagde undervisninga hennar i dag gjekk med til spontan markering over den ferske nobelprisvinnaren.
Undersøkt Fosse
Kallestad forskar mellom anna på religiøse trekk i litteraturen og har undersøkt nokre av Jon Fosse sine tekstar.
På 90-talet, forklarar ho, hadde han ei meir gnostisk tilnærming til det guddommelege. Det kom også til uttrykk i litteraturen frå den tida, der Gud er langt borte frå menneska og upersonleg.
Sidan den gong har han har gått vegen frå gnostisisme til å bli ein truande katolikk, men Kallestad vil ikkje karakterisere han som ein kristen forfattar.
– Han er ein kristen person som skriv om både Gud og menneske, seier ho.
Oppmodar kristne til å lese
Kallestad trur kristne kan ha stor utbytte av å lese den verdsberømte forfattaren.
– Fosse teiknar opp komplekse personar, og beskriv gjennom dei både livets moglege og umoglege sider, seier ho.
Ein av hennar favorittbøker frå forfattaren er Andvake (2007), der historia om Josef og Maria er eit motiv.
Bibelen er viktig for han
I 2016 intervjua Dagen Fosse om ein bibeltekst som prestar over heile landet skulle forkynne over neste søndag.
Då understreka Fosse, som sjølv var med å omsette Bibelen 2011, kor viktig boka har vore for han.
– Eg er takksam for at eg i oppvoksteren møtte Bibelens ord både på skulen og elles, sa han til Dagen.
Samtidig la han vekt på at Bibelen ikkje skal lesast bokstavleg, og tok «avstand frå det vis Bibelen vart tolka og forkynt» der han vaks opp i Strandebarm.
– Eg ser på det som den reine meiningsløyse. Mellom anna fordi det er umogleg, i og med at det finst så mange sjølvmotseiingar i Bibelen, sa han.