Fri: Asia Bibi, til venstre, saman­ med den franske journalisten Anne-Isabelle Tollet som har skrive biografien om henne.

Slik ser Asia Bibi ut som fri kvinne

I samband med at biografien hennar vart presentert onsdag denne veka, vart det også publisert nye bilete av henne.

Publisert Sist oppdatert

I åtte år sat Asia Bibi (t.v. på bildet) med dødsdom over seg i pakistansk fengsel, skulda for blasfemi. I denne perioden dekka ho til ansiktet. Dei einaste bileta som fanst av henne, var ungdomsbilete. Ingen visste korleis ho eigentleg såg ut lenger.

Etter at ho vart sett fri i fjor, bur ho no i Canada under ny identitet, på grunn av drapstruslar frå muslimske ekstremistar.

I samband med at biografien hennar vart presentert onsdag denne veka, vart det også publisert nye bilete av henne.

Under boklanseringa lova Asia Bibi , ifølgje den britiske radioen Premier, at ho vil fortelje alt som skjedde.

– De kjenner kanskje historia mi gjennom media, og de har kanskje lurt på korleis det var om de sjølve var i min plass. Men de er så langt unna livet mitt, både då eg var i fengsel og no. Difor vil eg fortelje, sa ho.

Biografien har fått tittelen «Enfin Libre!» (Fri til slutt) og er skriven av den franske journalisten Anne-Isabelle Tollet (t.h. på bildet). Ho engasjerte seg sterkt i Asia Bibi-saka då ho var korrespondent i Pakistan og har tidlegare gitt ut to bøker om saka. dagen

Powered by Labrador CMS