Slik svarar republikanske presidentkandidatar om abort, klima og trans-rettar
Alle ønskjer ei anna retning enn Joe Biden, men det varierer kor mykje dei vil vri på rattet.
Natt til torsdag blir det for første gong debatt mellom dei som kjempar om å bli republikansk presidentkandidat neste år. Den som leier suverent på meiningsmålingane, tidlegare president Donald Trump, har likevel varsla at han ikkje vil stille.
I forkant har New York Times gått gjennom kva kandidatane har sagt om nokre omdiskuterte tema i amerikansk politikk: Abort, Kina, klimaendringar, økonomisk politikk, innvandring, trans-rettar, Trump-etterforsking og krigen i Ukraina.
Her følgjer kandidatane som ifølgje fivethrityeight.com har meir enn tre prosent oppslutnad i gjennomsnitt på meiningsmålingane pr. 22 august. (Oppslutnad i parantes.)
Abort
Tidlegare president Donald Trump (52,2 prosent)
Fekk utnemne tre konservative høgsterettsdommarar i førre presidentperiode. Det førte til at dommen frå 1973 som sa at alle statar måtte tillate abort, vart oppheva. Som president støtta han ei føderal abortgrense på 20 veker, men han har også opna for å setje grensa på 15 veker. Samstundes har han sagt at mange meiner ei abortgrense på seks veker er «for streng». I utgangspunktet har han vore innstilt på å overlate abortspørsmålet til dei einskilde delstatane.
Guvernør i Florida, Ron DeSantis (14,5 prosent)
I april signerte han ei lov i Florida som set abortgrensa på seks veker. DeSantis har prøvd å plassere seg til høgre for Trump i abortspørsmålet, men ikkje svart klart på om han ønskjer eit nasjonalt forbod. Han seier likevel at han «alltid vil kome ned på livets side».
Entreprenør Vivek Ramaswamy (8,9 prosent)
Han er imot eit nasjonalt forbod, men støttar abortgrense på seks veker på delstatsnivå. Han har kalt abort «mord», men vil overlate til statane å avgjere kva lover dei skal ha.
Tidlegare visepresident Mike Pence (4,2 prosent):
Pence er rekna som den mest markante i abortspørsmålet av dei elleve som har meldt seg på i nominasjonskampen. Han har åtvara dei som vil forsvare det ufødde liv, mot å kvile før rettsvern er innført over heile landet. I nominasjonskampen har han utfordra alle dei republikanske kandidatane til å gå inn for ei føderal abortgrense på 15 veker.
Organisasjonen hans, Advancing American Freedom, har gått inn for å forby abort etter seks veker og gi foster status som personar. Det vil i så fall innebere bortimot fullstendig forbod mot abort.
Senator frå Sør-Carolina, Tim Scott (3,5 prosent):
Han har lova at han vil gå inn for ei føderal abortgrense på 15 veker. Dersom det er politisk fleirtal for det, ønskjer han å gå lenger. - Eg vil signere den mest konservative pro life-lovgivinga du kan bringe til skrivepulten min, har han sagt til det konservative mediet Newsmax.
Tidlegare guvernør i Sør-Carolina, Nikki Haley (3,4 prosent):
Støttar ei føderal abortgrense på 15 veker, men har også teke til orde for betre tilgang på prevensjon. Haley har argumentert for at ein må jobbe for å finne ein nasjonal konsensus i abortspørsmålet Det inneber samarbeid for å få ned aborttala. Ho meiner det er mogleg med grenser ved bestemte veker i svangerskapet på delstatsnivå, men ikkje på føderalt nivå.
Tidlegare senator i New Jersey, Chris Christie (3,3 prosent)
Han ønskjer ikkje ei føderalt forbod før det er semje om denne mellom dei 50 delstatane. Noko anna meiner han vil bryte med prinsippet som har vorte framheva heilt sidan den mykje omdiskuterte abortdommen i 1973: Det må vere opp til delstatane å avgjere kva lovgiving dei vil ha.
Klima
Trump:
Prioriterte ikkje utsleppskutt i den førre presidentperioden, men valde i staden å fjerne reguleringar og trekkje USA frå Paris-avtalen der mange land i verda forplikta seg på togradersmålet. Har gjort narr av klimavitskap og har vore oppteken av at USA skal produsere meir energi innanfor eigne grenser.
DeSantis:
Har støtta tiltak for å takle konsekvensar av klimaendringari Florida. Delstaten er utsett for øydeleggingar ved ekstremt vêr. Uro for menneskeskapte klimaendringar har han likevel avskrive som noko venstresida er oppteken av. DeSantis vil gi betre rammevilkår for den fossile energiindustrien i USA for å styrke økonomien.
Ramaswamy:
Han avviser at menneskeleg aktivitet trugar klimaet. Tvert imot har han kalla klimarørsla ei sekt. – Den handlar meir om straff, sjølvplaging, dominans og kontroll, seier Ramaswamy. Han støttar auka utvinning av fossilt brensel og vil dessutan satse meir på kjernekraft.
Pence:
Han har gått god for at klimaendringar føregår. Men han skuldar «radikale miljøforkjemparar» for å overdrive konsekvensane og avviser at USA og verda må kutte utslepp til null innan 2025. Det meiner han er fullstendig uoppnåeleg. Pence går inn for å fjerne reguleringane som Biden-administrasjonen har lagt på leiting etter olje og gass.
Haley:
Ho har sagt at ho trur menneskeskapte klimaendringar er verkelege, men ho har jamt over avvist statleg innsats for å redusere utslepp. Kampanjen hennar meiner det vil koste milliardar av dollar og øydeleggje den amerikanske økonomien. Ho opnar for karbonfangst, men kritikarar innvender at dette langt frå er nok til å nå målsetjingane om reduserte utslepp.
Scott:
Senatoren har sagt at han det ikkje er tvil om at menneske påverkar klimaet. Men han har ikkje teke til orde for reguleringar. I staden vil han liberalisere politikken for både fossil og fornybar energi. Han har uttalt at han meiner det er tåpeleg å snakke om ei klimakrise når det er ei immigrasjonskrise langs USAs grense som er eit eksistensielt trugsmål akkurat no.
Christie:
Tidlegare enn mange andre republikanarar gjekk Christie god for at klimaendringar føregår. Allereie i 2011 slo han fast at når 90 prosent av ekspertane er samde om dette, er det tid for å lytte til dei. Han støttar tiltak for utsleppskutt, men har nokre atterhald. Mellom anna meiner han det er umogleg for USA å løyse dette åleine. Han vil presse Kina til å gjere meir.
Trans-rettar
Trump:
Som president sette han stoppar for at transpersonar kan gjere teneste i militæret. Han trekte også tilbake reglar som gjorde at elevar kunne velje toalett basert på kjønnsidentitet. Dersom han blir president igjen, har Trump varsla at han vil innføre eit nasjonalt forbod mot kjønnsskiftebehandling for mindreårige.
DeSantis:
Som guvernør har han lagt seg ut med LHBT-rørsla, mellom anna ved ei lov som avgrensar undervisning om slike tema i småskulen. Han har også støtta forbod mot kjønnsskiftebehandling for mindreårige og innført restriksjonar for vaksne. Som fleire andre kandidatar har han teke til orde for å stoppe offentleg finansiering av slik behandling.
Ramaswamy:
Han har omtalt trans-identitet som ein mental sjukdom. Han kallar dette ein «sekulær religion» og ei «sekt». Som president vil han forby transpersonar frå somme militære posisjonar fordi han meiner det inneber for stor risiko å «dla nokon med mentale helseproblem gjere teneste i kamproller». Han vil forby kjønnsskiftebehandling av mindreårige og stoppe all offentleg finansering av slik behandling. Han er ein av tre kandidatar som har signert eit opprop frå ei kampanjegruppe om at kjønn er binært. Dei to andre er Trump og Haley.
Haley:
Fleire gonger har ho trekt fram transspørsmålet i idretten som «kvinnesaka i vår tid». Ho vil forby offentleg finansiering av kjønnsskifte og går inn for eit forbod mot slik behandling for mindreårige.
Pence:
Han støttar eit føderalt forbod mot kjønnsskiftebehandling av mindreårige. Pence meiner også at skular og arbeidsplassar som stadfestar transidentitet, tvingar «radikal kjønnsideologi» på konservative.
Scott:
Han støttar forbod mot at biolgiske menn kan delta i kvinneidrett. I ein del andre spørsmål har han ikkje markert seg, men han gjekk imot Respect for Marriage Act i fjor som kodifiserte ekteskap mellom personar av same kjønn.