Slik vart aktiv dødshjelp lov i Nederland og Belgia

Debatten startet i 1971.

Publisert Sist oppdatert

* 1971: Flamsk TV har ein timelang debatt om aktiv dødshjelp.

* Same året hjelper legen Geertruda Postma mora på 78 år til å dø etter at ho fleire gongar bad om det.

Rettssaka konkluderer med at legar ikkje kan lastast for å forkorte pasientars liv når dei har ulækjeleg sjukdom, uuthaldeleg liding og pasienten ber om det.

* På starten av 80-talet blir det oppretta organisasjonar i begge land som skal jobbe for å få ei lov på plass.

* 1982: Nederland opprettar ein statleg kommisjon for å gi råd om eutanasi og assistert sjølvmord. Tre år kjem definerer dei omgrepet eutanasi. Kommisjonen råder til å opne lova for aktiv dødshjelp.

* 1990: Påtalemakta i Nederland er samd i ei varslingsprosedyre der legar rapporterer når dei gir dødshjelp. Det fører til over ti år med denne praksisen.

* 1996: Belgia får ein rådgjevande komité for bioetikk som skal gi råd om lovforslag om aktiv dødshjelp.

* Kristendemokratane i Belgia nektar å opne for aktiv dødshjelp anna enn ved ekstreme situasjonar.

* 2001: Lov om aktiv dødshjelp kjem på plass i Nederland. Den blir rettskraftig april 2002, som verdas første.

* Belgia vedtek også lov om aktiv dødshjelp som er rettskraftig september 2002.

Powered by Labrador CMS