VENSTREORIENTERTE: Biskop Tor B. Jørgensen og prost Trond Bakkevig er to sentrale kyrkjeleiarar som tidleg vart inspirerte av kristensosialismen.
Astrid Dalehaug Norheim og Terje Pedersen / NTB
Sosialisme var eit fy-ord i kyrkja. Så kom 1968
Opprørte kristne studentar tok oppgjer med ei kyrkje dei såg som besteborgarleg. Seinare inntok dei sentrale posisjonar.
Skrekkelege scener frå slagmarkene i Vietnam. Magar oppblåste av svolt i Biafra. Heroisk kamp mot undertrykking i Sør-Amerika.
Det var noko av det som vekte studentar seint på 1960-talet, også kristne studentar. Revolusjonar og frigjeringsheltar i den tredje verda inspirerte studentane.
– Ungdom såg plutseleg at dei var inne i eit system som dei ikkje visste om, seier teolog Jan Ove Ulstein. Han er dosent emeritus ved Høgskulen i Volda og er ute med boka «Oppbrotsteologi på det lange 70-talet».