Sp fryktar KrF taper bio-saker

Kjersti Toppe (Sp) tvilar på at KrF får gjennomslag på bioteknologi dersom dei blir ståande utan regjering eller avtale.

Publisert Sist oppdatert

– Det er veldig krevjande, etter mi erfaring, seier Kjersti Toppe (Sp).

Ho trur ikkje Kristeleg Folkeparti vil få så mange sigrar på bioteknologifeltet dersom dei verken går i regjering eller skaffar seg ein samarbeidsavtale.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) hintar om det same. Han avventar no Stortingets handsaming av bioteknologimeldinga, noko som kan skje til våren. Deretter kjem han til å sende forslag om konkrete lovendringar tidlegast etter neste sommar.

– Då er det sjølvsagt, som Kjersti Toppe påpeikar, slik at parti som sit i regjering har større høve for påverknad og gjennomslag enn parti som ikkje sit i regjering, seier statsråden.

Les også: Valforskar Bernt Aardal tvilar på at KrF vil gå i regjering for å få gjennomslag på kun eitt felt

Fryktar liberalisering

Sjølv bidrog Toppe til at Senterpartiet i si tid fekk stogga Stoltenberg-regjeringas planlagde evaluering av bioteknologilova. Sp var totalt usamd i å opne for tidleg ultralyd til alle gravide.

Etter måndagens stortingsval fryktar ho at KrF blir så svake i forholdet til regjeringa at dei får lite dei skulle sagt dersom Høgre og Frp opnar for eggdonasjon, assistert befruktning for einslege og nedfrysing av egg frå friske kvinner.

– Det kan bli ei mindretalsregjering som må shoppe rundt og få fleirtal frå sak til sak med ulike parti. Eg opplever at bioteknologifeltet aldri har vore meir i spel enn no. KrF har sett seg sjølv i ein vanskeleg situasjon. Ikkje veit eg korleis KrF har tenkt å manøvrere, seier Toppe.

Ho peikar på at KrF ikkje fekk til så mykje medan dei hadde samarbeidsavtalen med regjeringa.

– Regjeringa la fram ei bioteknologimelding med få konkrete forslag. Det viser at det er vanskeleg å påverke regjeringa frå Stortinget.

KrF vil i regjering

No vonar ho at KrF finn gode løysingar. Blir dei i reell opposisjon på Stortinget, står Senterpartiet klar til å samarbeide i ei rekke saker dei er samde om.

Olaug Bollestad, helsetalskvinne og 1. nestleiar i KrF, takkar Toppe for gode råd, men har få svar på kva KrF vil gjere for «kjempe for alle desse viktige sakene og hindre reisa mot sorteringssamfunnet».

– Kva sjanse har KrF for å stanse liberalisering av bioteknologifeltet frå Stortinget, trur du?

– Det er altfor tidleg å begynne med å behandle stortingssaker no. Vi fordøyer valresultatet og ventar på avklaring frå Høgre på korleis dei stiller seg til vårt regjeringsalternativ. I tillegg skal vi samle den nye stortingsgruppa som skal vere med og ta den endelege avgjersla. Stortinget samlast ikkje før om nokre veker, påpeiker ho.

– Dette tek tid

– Vurderer de ein slags avtale med regjeringa, dersom de blir i opposisjon, for å hindre liberalisering av bioteknologifeltet?

– Eg tenker at både KrF og Sp har ein viktig jobb å gjere for å sikre at Stortinget behandlar evalueringa av bioteknologilova på best mogleg måte. I første omgang er det berre ei melding som er fremma, og ingen lovendringar er foreslått. Dette tek tid, og det vil bli mange rundar, seier Bollestad.

Ho understrekar at KrF ser fram til å jobbe med bioteknologi i Stortinget.

– Dette er svært viktige spørsmål som vi gjerne samarbeider tett med Sp om. Dersom KrF ikkje er i regjering, er vi i opposisjon. Dette har vi sagt klart og tydeleg i lange tider, før og etter valet, seier KrF-nestleiaren.

Feigt eller ikkje?

Kjersti Toppe er ikkje nådig i kritikken av stortingsmeldinga helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) omsider la fram i juni. Der er det fleire saker regjeringa ikkje tek stilling til.

– Eg opplever det som at Høie har gitt frå seg styringa på dette feltet. Eg frykter at dei let Frp vinne sakene. Det er feigt å levere ei melding og ikkje ta stilling i enkeltsaker, seier Sp-politikaren.

Statsråd Bent Høie (H) avviser dette.

– Eg vil seie at det er det motsette av feigt å legge fram ei stortingsmelding som har konkludert på mange punkt. Ho legg også fram utfordringar og argument for ulike standpunkt på nokre av dei kontroversielle spørsmåla, seier Høie.

Han minnar om at Solberg-regjeringa har klart å legge fram ei stortingsmelding, sjølv om Frp og Høgre innbyrdes er svært usamde. Toppes eige parti i regjering var derimot ikkje i stand til å levere ei evaluering av bioteknologifeltet.

Usemje i regjeringa

– Dersom KrF blir i opposisjon, vil du love dei enkeltsigrar eller vil regjeringa søke fleirtal med til dømes Ap for enkeltsaker?

– Det er ikkje forhandlingar no. Det er alt for tidleg å seie noko om gjennomslag og ikkje gjennomslag, seier statsråden.

– Er det grunn til å tru at det blir mykje liberalisering av lova dersom KrF ikkje samarbeider med regjeringa?

– Det er Stortinget som bestemmer dette. Så trur eg det er openbart for alle, ut frå partiprogramma, at det i utgangspunktet er fleirtal på Stortinget for å liberalisere på ei rekke punkt. Om eit parti som representerer eit mindretal på Stortinget skal ha gjennomslag, må det eit forpliktande samarbeid til. Det trur eg alle forstår, seier helseministeren.

– Er dette eit hint om at KrF bør i det minste inngå ein slags samarbeidsavtale med dykk?

– Høgres standpunkt er at vi ønskjer eit sterkast mogleg forpliktande samarbeid med dei fire partia, og gjerne i regjering, seier Høie.

Powered by Labrador CMS