Spel Gud god på hjemmebane
– I staden for å outsource heile den kristne oppdraginga, må vi også gjere heimen i stand til å ta i eit tak, seier Linda Andernach Johannesen.
Då Linda Andernach Johannesen for nokre år sidan las boka ”Faith begins at home” av Mark Holmen, begynte ho å grine. For det ho las om hadde ho sett så altfor godt med eigne auge, men ikkje heilt teke inn over seg før no. Fleirtalet av barn som veks opp i kristne heimar sluttar å tru og/eller forlet eit aktivt forsamlingsliv når dei blir vaksne. Tala var frå USA, men tendensen er tydeleg også i Noreg.
- Vi kan ikkje berre vite om dette og ikkje ta noko grep, seier Johannesen engasjert.
Statistikken sette ein støkk i henne, men som tilsett i Skien misjonskirke innsåg Johannesen at ho hadde ein gylden sjanse. Saman med tilsette i fleire andre forsamlingar i Misjonskirken, utarbeidde ho ein plan som skulle hjelpe kyrkjelydar til å utruste medlemmene sine til å betre kunne gi trua vidare. Planen har no resultert i boka ”Hver tid teller”.
- I utgangspunktet tenkte eg at boka var for forsamlingsleiarar, men eg har sett at den også når breiare. Boka er ingen ABC for foreldre, men kan kanskje vere ein augeopnar, seier Johannesen, og held fram:
- Vi er så vande med å sette vekk ein del oppgåver i samfunnet vårt. Vi køyrer ungane til fotballtrening og vi køyrer dei til søndagsskulen. Ikkje eit vondt ord om slike aktivitetar. Men viss vi i tillegg klarer å få heim og kyrkje til å trekkje i same retning, blir stemma dobbelt så sterk.
Bygg relasjonar
Før trua kan smitte vidare, er det éin ting som må vere på plass, meiner Linda Andernach Johannesen.
- Det er først når ein god relasjon er på plass at ein har høve til innverknad, seier ho.
Å bygge gode relasjonar gjeld både mellom barn og foreldre, men også mellom dei som er jamaldra, mellom unge vaksne og dei som er eldre, mellom foreldra som par og mellom kyrkjelyd og lokalsamfunn. Den vaksne må vere villig til å både gi av tida si og seg sjølv for å få til dette.
- Det er lurt å starte tidleg. Det vi gjer i dag, får betydning i morgon. Når eg legg til rette for at smårollingen får leike saman med andre barn i kyrkja, er eg i ferd med å legge til rette for eit godt ungdomsmiljø, forklarer Johannesen.
Jørn Lemvik har sett baksiden av livet til internasjonale kirkeledere. «En pen dame på fanget. Litt penger i banken. Det... Publisert av Dagen 13. april 2018
Uinteressert tenåring
For at trua skal få spire, er det viktig at den unge får bruke seg sjølv og praktisere trua. Då får trua djupare røter, meiner den tidlegare barne- og familiepastoren.
- Vi må vite kva den unge treng, og til kva tid. Det er annleis å be med ein treåring enn ein 13-åring. Som foreldre må ein prøve å vere engasjerte og møte barnet sitt der ho eller han er, seier ho.
– Strukturer arbeidet rundt små grupper, då er mykje gjort. La dei unge bli vande til smågrupper der ein deler liv og har fellesskap med Gud. Heimen er den første smågruppa. Det er der ein tek sine første steg og det er der ein tek sine første steg i trua.
Johannesen trur dei vaksne må vere medvitne om kva som er lurt - til ei kvar tid. Men kva skal ein gjere med tenåringen som blir mindre og mindre interessert i det som skjer i den kristne forsamlinga?
- Eg trur det er lurt at den unge har andre vaksne å støtte seg på enn mamma og pappa. Når ein er 10 år, er kanskje mamma den beste fortrulege. Når ein er 16 år, er ho kanskje den verste. Då er det greitt at det er andre vaksne der enn rosabloggarane.
Kritiske faser
På vegen mot å bli vaksen, går den unge gjennom fleire kritiske faser i truslivet. Linda Andernach Johannesen meiner ein bør vere ekstra obs på dei som blir kalla tweens, 10-12-åringar. Tida etter konfirmasjonsalder kan også vere kritisk, det same gjeld perioden som nyutflytta student.
- Viss den unge flyttar vekk for å studere, kan det vere lurt å gi telefonnummeret hans eller hennar til ein bra vaksen i den nye byen. Dette må sjølvsagt klarerast med den unge. Det er ikkje for å halde kontrollen på den unge, men for å tilby ei ekstra støtte, seier ho.
Johannesen meiner at det generelt sett er viktig å ha folk rundt seg som snakkar sant om livet, slik at ein ikkje strebar etter uoppnåelege glansbilete.
- Eg trur det er viktig at til dømes eit nygift par kan få snakke med eit eldre par som er ærlege på at det vil kome mørkare tider. Men at det så vil kome lysare tider igjen. Nokon må fortelje at det meste går seg til.
Trygg base
Sjølv om Linda Andernach Johannesen er oppteken av den store innverknadskrafta heimen kan ha, er det viktig for ho å ikkje gi folk dårleg samvit.
- Barna er djupast sett Guds ansvar. Eg er litt redd for at innhaldet i boka kan misbrukast til å reddferdiggjere heimen som ein plass der ein tuktar, eller som eit argument for å ta barn ut av skulen. Det er absolutt ikkje det det handlar om, seier ho.
Derimot slår ho eit slag for at heimen skal vere ein trygg stad for undring og kritiske spørsmål rundt trua.
- Viss ein ikkje har gått nokre runder med spørsmål, er det lett at trua veltar når ein kjem til studietida og møter ein professor som stiller kritiske spørsmål. Det er derfor viktig at kyrkjelydane utrustar dei vaksne til å stå støtt og takle slike spørsmål på ein god måte.
VIDEO: Kva gjer ein når tenåringen stiller kritiske spørsmål ved trua?