Staten: - Tvillingabort er lovleg
Tvillingabort på friske fostre er lov på lik linje med vanleg abort, ifølgje Helsedirektoratet. Samstundes ber direktoratet politikarane sjå på etiske problemstillingar ved fosterreduksjon.
Torsdag sender Helsedirektoratet eit brev med råd om fosterreduksjon til helseministeren.
I brevet, som Dagen har fått tilgang til, slår direktoratet fast at det er «ingen klare regler for fosterreduksjon, verken i abortloven eller forskriften.»
- Helsedirektoratet legg til grunn at abortlovas bestemmingar gjeld ved fosterreduksjon, skriv helsedirektør Bjørn Guldvog i brevet.