BIBELUTDELING: Det kan bli slutt på utdeling av bibler ved norske skoler som del av KRLE-faget. Her fra utdeling av Gideons NT-versjon under Sykkel-VM i Bergen i 2017.

Staten vil ha slutt på bibel-utdeling på skulen

Utdanningsdirektoratet meiner at det å dela ut religiøse skrifter kan opplevast som forkynning.

Publisert Sist oppdatert

Ein tolkingsuttale om KRLE-faget frå Utdanningsdirektoratet datert 19. august seier at det å dela ut religiøse skrifter/bøker kan opplevast som forkynning.

«Å legge opp til gaveoverrekkelser til elevene av religiøse skrifter/bøker eller religiøse gjenstander, vil derfor etter vår vurdering kunne oppleves som tilslutning til et livssyn eller forkynning», skriv direktoratet.

Dei hevdar vidare at «for enkelte vil også en slik aktivitet kunne oppleves som støtende eller krenkende» mens «undervisningen skal være objektiv, og arbeidsmåtene i faget skal medvirke til likeverdig undervisning om religioner og livssyn».

Ropstad: – Oppsiktsvekkande

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) kallar det heile oppsiktsvekkjande i intervju med NRK.

– Dette har blitt gjort ved norske skular i mange år. Eg synest det er ganske oppsiktsvekkande at direktoratet no ber kommunane stoppa det, seier Ropstad.

Kor vanleg praksisen er, er ikkje talfesta, men Organisasjonen Gideon har gjort eit overslag som tyder på at dei deler ut om lag 15.000 biblar og eksemplar av Det Nye Testamentet på skular kvart år.

Unngår sosialt press

Klargjeringa frå direktoratet kjem etter førespurnad frå Human-Etisk Forbund.

Lars-Petter Helgestad, leiar i politisk avdeling i Human-Etisk Forbund, er nøgd med svaret. Han meiner at ein slik unngår «å sleppa inn misjonærar i klasserommet».

– Det er eit sosialt press når ein legg opp til ein slik situasjon, seier han.

Powered by Labrador CMS