HEIDER: Statuen av avdøde Billy Graham skal representere heimstaten hans, Nord-Carolina.

Statue av Billy Graham vert avduka i den amerikanske kongressbygningen

Verdas mest kjende bibelvers kan snart lesast på ein pidestall på Capitol Hill.

Publisert Sist oppdatert

Billy Graham var son av ein mjølkebonde frå Nord-Carolina, men følgde ikkje levevegen til faren. I staden vart han verdas mest kjende evangelist og reiste kloden rundt med møtekampanjar. To gonger var han i Noreg, i 1955 og 1978.

Meir enn 210 millionar menneske høyrde Graham tale i løpet av tiåra han var aktiv, ifølgje ABC News.

Han er også kjend for sin nære kontakt med fleire amerikanske presidentar. Elleve på rad, frå Harry Truman til Barack Obama, møtte Graham medan dei var i embetet.

Peikar på open bibel

I dag, torsdag, skal ein statue av Graham bli avduka i den amerikanske kongressbygningen i Washington D. C. i ein privat seremoni.

Leiaren for Representanthuset, Mike Johnson, skal delta saman med fleire kongressmedlemer og artisten Michael W. Smith, melder nyheitsbyrået AP.

Statuen i bronse er 2,1 meter høg. Den viser Graham som peikar på ein open bibel. På pidestallen til statuen er «den vesle bibelen», Johannes 3,16, inngravert.

– Det er ei stor ære, og far min ville vore audmjuk og takksam, seier sonen Franklin Graham på nettsidene til Billy Graham Evangelistic Association. Han har teke over leiarskapet av denne organisasjonen.

– Samstundes ville han ikkje ha ønskt merksemd mot seg sjølv, men mot Guds son, Herren Jesus Kristus, seier Graham junior.

Erstattar guvernør

Kvar av dei 50 delstatane i USA kan ha to statuer i kongressbygningen i Washington D. C.

Personene må vere avdøde, men delstatsforsamlinga i Nord-Carolina godkjende allereie i 2015 at det kunne utformast ein statue av Graham. Han døydde i 2018, 99 år gammal.

Statuen vil erstatte ein av Charles Aycock, melder Charlotte Observer.

Han var guvernør tidleg på 1900 talet og kjend som ein forkjempar for utdanning, men er blitt kontroversiell på grunn av band til rasistiske rørsler.

Powered by Labrador CMS