Stefanusallisen skuffa over Høyres og Aps programforslag
Stefanusalliansen går kraftig ut mot at både Høyre og Arbeiderpartiet har fjerna den internasjonale kampen for trusfridommen i sine førsteutkast til program.
Dette kjem fram i ei pressemelding der Stefanusalliansen kritiserer at trusfridommen har forsvunne frå utanriks- og bistandspolitikken til dei to partia.
– Det er ottefullt at både Høyre og Arbeiderpartiet har fjerna den internasjonale kampen for trusfridommen i sine førsteutkast til program, seier Ed Brown som er generalsekretær i Stefanusalliansen.
Han påpeikar at det går feil veg for trus- og livssynsfridomen i mange land, ikkje minst i store og folkerike land som Kina og India. Brown meiner dette fordrar sterkare norsk og internasjonal innsats for trus- og livssynsfridomen og betre vern av minoritetar.
Har utfordra partia
Stefanusalliansen viser til at i dei noverande programma til både Høgre og Ap har dei korte, men likevel viktige tilvisingar til trusfridommen i kapitla om utanrikspolitikk. Ingen av dei seier noko om kva dei i bistands- og utanrikspolitikken vil gjera for trusfridommen og rettane til minoritetar.
– Vi har derfor utfordra både Ap og Høgre til å bli tydelegare i sine neste stortingsprogram. At programkomiteane i begge parti staden vel tausheita, er påfallande av fleire grunnar, seier Brown.
Blant disse grunnane finn generalsekretæren, i tillegg til den nemnde internasjonale utviklinga, òg utviklinga av den norske debatten om religionspolitikk.
– Begge partia ser ut til å bruka all religionspolitisk kraft og energi i norsk debatt om religionspolitikk, ein debatt som er urovekkande polarisert og oppheita. Vi fryktar at vekta på norsk debatt på dette feltet gjer partia mindre årvakne for trus- og livssynsminoritetar sine rettar internasjonalt.
Berre innanriks
I Høyres programutkast blir det fastslått at «Religions- og trusfridom er ein grunnleggande menneskerett og er ein føresetnad for eit fritt samfunn.» Men Brown meiner dette ikkje dekker det internasjonale feltet.
– Dette gjeld, skal vi tru programkomiteen, berre i Noreg. Alt om tru og livssyn står i innanriks-kapitlet «Kultur, idrett og frivilligheit». I kapittelet «Utvikling og menneskerettar» er retten til trusfridom uavhengig av religion altså forsvunne frå dagens program, seier Brown.
I Aps førsteutkast er ei heil side vigd til «eit livssynsåpent samfunn med respekt for alle».
– Men dette gjeld òg berre i Noreg, skal vi ta programutkastet på ordet, seier Brown og legg til:
– Dei to partia som tar mål av seg til å leia regjeringa etter valet, legg opp til ein aktiv utanrikspolitikk for menneskerettar. Vi heiar på kampen for demokrati og menneskerettar. Men samtidig skulle vi ønska at det òg var plass til å seia noko om viktigheita av å fremma og styrka arbeidet for trusfridommen.
Skuffa
Stefanusalliansens generalsekretær er skuffa over programma og håper programforslaga ikkje er eit varsel om eit linjeskift.
– Under Høgres leiing av Utanriksdepartementet er kampen for trus- og livssynsfridomen og dei religiøse minoritetane trappa opp sidan 2013. Derfor spør vi om utelatinga er ei forglømming eller varsel om linjeskift, seier han.
– Så håper vi at heller ikkje Ap med utkastet sitt varslar ein annan politikk kva gjeld trusminoritetane sine rettar enn dagens regjering førar og som vart signalisert sist Ap satt med makt. Begge partia har sjansen til å retta opp dette slik at landsmøta neste år kan vedta ein politikk som styrkar kampen for trusfridommen internasjonalt og ikkje stryk han av plakaten, avsluttar Brown.