SPENTE: Den frigjevne gisselen Shani Goren (til høgre) og venene til den israelske gisselen Arbel Yehoud følgde spent med under frigjevinga som vart sendt direkte på fleire TV-kanalar.
Ariel Schalit / AP / NTB
Sterke scener då kvinneleg gissel fekk sleppa fri
Nervene var i heilspenn hjå familie og vener medan dei følgde dei dramtiske scenene kor Arbel Yehoud kom seg ut av gisselsituasjonen som har vart i halvtanna år.
For få dagar sidan vart den israelske gisselen Arbel Yehoud (29) frigjeven etter 482 dagar i fangenskap hjå Hamas, melder timesofisrael. Ho vart overlevert til Røde Kors i Khan Younis i det sørlege Gaza, før ho vart transportert til Israel for gjenforeining med familien.
Yehoud vart teken til fange 7. oktober 2023 under eit Hamas-angrep på kibbutzen Nir Oz, der ho budde saman med kjærasten sin, Ariel Cunio. Cunio vart òg bortført, men er framleis i fangenskap.
Sterke bilete