Sterkt kritisk til tidleg ultralyd for alle
Med endringar i bioteknologilova får Noreg ei «kvalitetskontroll av alle nye innbyggjarar», meiner organisasjonen Menneskeverd.
Førre veke la Ap, SV og Frp fram sitt forlik om ei rekke endringar i bioteknologilova, til sterk kritikk frå KrF.
Dei tre partia har fleirtal på Stortinget og går mellom anna inn for å gjere dagens fosterdiagnostikk tilgjengeleg for alle gravide før grensa for sjølvbestemt abort.
– Dersom dette blir vedteke, vil staten sette i system ein «kvalitetskontroll» av alle nye innbyggjarar, seier generalsekretær Morten Dahle Stærk i organisasjonen Menneskeverd.
Frp fnyser av utspelet.
– Han har openbert ikkje forstått kor viktig og avgjerande tidleg ultralyd er for å avdekke helsetilstandar og gi behandling til barnet i mors liv, seier helsetalsperson Åshild Bruun-Gundersen.
Tidleg ultralyd
Frp-politikaren står i bresjen for dei nye liberaliseringane av bioteknologilova. Dette er endringane ho la fram saman med Ap og SV:
• Tilby tidleg ultralyd til alle gravide med tilleggsundersøkingar (KUB-test) før 12. svangerskapsveke.
• Staten dekker NIPT-blodtest for kvinner med medisinsk indikasjon på første runde med prøvar.
• Gravide utan medisinsk indikasjon kan få NIPT-testen frå veke 10, men må betale for det sjølve.
• Setje ned aldersgrensa for risikosvangerskap frå 38 til 36 år.
• Opprette eit tilbod om preimplantasjonsdiagnostikk og avvikle nemndene. Det inneber å genteste befrukta egg før dei blir sette inn i livmor.
– Jakt på Downs
Stærk er svært kritisk til forslaga og kallar dei «eit stort skritt nærare sorteringssamfunnet» fordi han meiner lovendringane vil føre til ei auka «jakt» på kromosomfeil, og då særleg Downs syndrom.
Han trur Ap, Frp og SV endar med å innføre ein diskriminering av personar med Downs – sjølv om dei måtte ønskje det motsette.
Tidlegare statistikk har vist at ni av ti kvinner som får vite at barnet dei ber på har Downs syndrom, tek abort.
– Forslaget har ingen påviseleg helsegevinst, og den einaste «behandlinga» vi kan tilby den gravide, er svangerskapsavbrot, seier generalsekretæren.
KrF er også kritisk
Helsetalsperson Geir Bekkevold (KrF) er uroa for kva signal staten sender ut når ein innfører tidleg ultralyd for alle gravide og tilbod om NIPT-blodtesten.
– Eg vil ikkje at dette skal bli startskotet for eit sorteringssamfunn kor staten tilrettelegg for at vi kan drive omfattande leiting etter potensielle sjukdomar og diagnosar hjå det ufødde liv, seier Bekkevold.
Han viser til at det i Danmark knapt blir fødde barn med Downs syndrom etter at dei starta med screening av gravide.
– I Noreg høyrer vi støtt om familiar som blir møtt med at det nærast blir forventa at dei tek abort når dei har fått beskjed om at barnet kan ha ein kromosomfeil. Eg må understreke kan, fordi feilmarginane er så store at det og er relativt stort høve for at desse kromosomfeila ikkje stemmer, seier Bekkevold.
– Umoralsk lang ventetid
Bruun-Gundersen avviser at lovendringane vil føre til noko sorteringssamfunn eller jakt på barn med Downs syndrom.
– Eg aksepterer ikkje den premissen. Det burde vere ein grunnleggande rett å få tilgang til informasjon om sitt eige svangerskap. Kvinner og familiar bør sjølve få velje kva dei ønskjer informasjon om eller om dei ønskjer informasjon. No får dei det først fire-fem månader på veg, når dei har innreia barnerom og kjøpt barneklede. Det er umoralsk å gi dei for lang ventetid, seier Frp-talspersonen.
– Du er ikkje redd for «danske tilstandar» der det knapt blir fødd barn med Downs syndrom?
– Nei, vårt mål er å sørgje for at kvinner får informasjon om sitt svangerskap så tidleg og så risikofritt som mogleg. Så skal samfunnet stille opp for familiane.
Bruun-Gundersen er særleg oppteken av at NIPT-testen dels kan erstatte morkake- og fostervatnprøvar som gir risiko for spontanabort.
– Tidleg ultralyd reddar
Vidare avviser ho Stærks påstand om at abort blir den einaste «behandlinga» når det blir påvist avvik og sjukdomar.
– Fleire fostermedisinske miljø i verda klarar no å behandle stadig fleire alvorlege tilstandar hos barnet allereie i mors liv. Foster har motteke vellukka, livreddande blodoverføringar og operasjonar utført ved hjelp av avansert medisin, sier Bruun-Gundersen.
Ho peikar på at dei kan oppdage når tvillingar som deler morkake.
– Tidleg ultralyd reddar liv. Tidleg ultralyd er avgjerande for å avdekke slike helsetilstandar tidleg. Eg håper vi framover vil sjå ein enno betre utvikling med stadig meir helsehjelp som kan verte gitt til fosteret medan det ligg i mors mage, seier Frp-politikaren.
Stærk er samd i at ein kan avdekke om tvillingar deler morkake tidleg, men etterlyser forsking på o det er fleire tilstandar ein kan oppdage ved tidleg testing og om det kan bli behandla så tidleg.
– Om det berre er for å roe den gravide nokre veker tidlegare, er spørsmålet om det er verdt å sette i gang ei screening. Resultatet blir berre å oppdage fleire av kromosomavvika, seier han.