Sterkt om døden – og om livet
Tre dødsfall på kort tid, i svært nær familie. Er det mogleg å takla slikt som dette? Enn sei å leve etterpå?
Ei sterk bok om døden, men endå meir om livet. Forfattaren (fødd 1976) mista først far sin som han var sterkt knyta til. Som ung mann giftar han seg med Kika, og dei får Joel – som dei må gje frå seg då han er seks år gamal. Ikkje lenge etterpå døyr Kika også.
Guds nærvær
Hagman skriv rørande ope om korleis det har vore for han. Han kom til tru i ungdomsåra, og studerte etter kvart til å bli teolog. Det hjalp han. Han fann ord og språk til dei sterke opplevingane han erfarte. Og ikkje minst; han kjente seg båren, i samband med alle dødsfalla. Då faren døydde, og for dei begge to då Joel døydde, og då han vart enkemann. Familie, venner, kollegaer frå fjernt og nær stod saman med han i sorg og smerte. Det gav støtte og trøyst. Og bak og inni all denne omsorg merka han Guds nærvær. Gud ville han aldri noko vondt, sjølv om han gjekk gjennom mykje vondt.
Reinska sår
Han bruker uttrykket fest om gravferda, både til Joel og Kika. Han seier det slik: Sjølve gravferda er som å få såret reinska. Minnesamlinga (festen!) etterpå er som å få såret stelt og forbunde. Så kjem tida etterpå der sår og skader skal helast. Det tek tid.
Det er smerteleg vondt å lesa om perioden då Joel var så sjuk, over lang tid, og der begge foreldra kjente på maktesløysa, redsla og fortvilinga. Samtidig seier han at dei i den tida kom kvarandre så nær som dei før aldri hadde vore.
Artige og rørande
Mot slutten av boka fortel han om noko faren skreiv ned i den tida han var sjuk. Faren hadde mange draumar. Akkurat dette er ein litt vanskeleg del av boka, og ikkje så lett å få utbytte av for oss som ikkje kjente familien. Noko av dette kunne kanskje vore redigert bort!? Hagman fortel også mykje frå ungdomsår både for han sjølv og Kika. Dei kom frå ulike miljø og bakgrunnar, og ulike var dei sjølve også, så det heldt. Men kven har sagt at ikkje motsetningar tiltrekkjer kvarandre? Nokre av desse glimta han gjev frå tilhøvet dei to mellom, er både artige og rørande, men eitt og anna er også på grensa til det altfor private.
Sjeldan bok
Men ikkje ta det for tungt med desse milde innvendingane. Det er ei sjeldan bok, med ein sterk bodskap om liv og død. Både utfordrande og gjevande å lesa. Hagman si bok kan lesast av alle kva tid på året som helst. Når ein les henne rundt Allehelgensdagen, vert innhaldet forsterka.