MOT SENTRUM: Tidlegare stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn meiner det kan vise seg lettare for KrF å trekkje politikken mot sentrum i allianse med med Ap og Sp enn med Høgre og Frp.

Stiller seg bak Hareide

Indremisjonsprofil og KrF-nestor Ingebrigt Sørfonn er samd i at partiet bør samtale med Ap.

Publisert Sist oppdatert

– Det var ein svært god politisk tale, seier Sørfonn etter å ha høyrt kva partileiar Knut Arild Hareide sa til landsstyret i KrF fredag ettermiddag.

Sørfonn har site tre periodar på Stortinget for KrF og har også vore formann i Indremisjonsforbundet.

– Eg meiner Hareide gjer kloke vurderingar og gir eit velfundert råd som eg stiller med hundre prosent bak, seier Sørfonn.

Hareide vil finne ut kva KrF kan oppnå i samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, utan SV.

Trekt mot sentrum

– Fleire har åtvara om at det vil vere eit historisk linjeskifte dersom KrF samarbeidar med venstresida?

– Det er ikkje heilt korrekt. Dersom ein går tilbake til 1970- og 1980-talet, støtta KrF fleire mindretalsregjeringar med Ap og fekk ein del gjennomslag, seier Sørfonn.

Han viser til Hareides understreking av at det ikkje dreiar seg om eit val for all framtid.

– Han var flink til å få fram at KrF er eit kristendemokratisk verdiforankra sentrumsparti. Å trekkje politikken mot sentrum er mykje lettare å få til med Sp og Ap enn med Høgre og Frp. Det er heilt opplagt, seier Sørfonn.

Ser slektskap

Han meiner konflikten mellom Ap og KrF tidvis vert overdriven. Mellom anna synest han det vert for enkelt å seie at det no er snakk om å gå i kompaniskap med eit sosialistisk parti.

– Eg representerer den kristne lekmannsrørsla. Denne og arbeidarrørsla har mange fellestrekk. Eg kjenner mange politikarar etter kvart, og i Ap er det veldig delt. Mange skjønar vår verdiforankring og vår forankring, andre er meir framande for dette, seier han.

– Det er mange utfordringar knytt til samarbeid med Ap, men eg meiner vi må finne ut kva vi kan oppnå saman med dei.

Tydeleg verdigrunnlag

– KrF har hatt veldig dårlege meiningsmålingar i det siste. Ser du føre deg at signala frå Hareide hjelpe?

– Det er vanskeleg å seie. Eg tenkjer at politikk verkar på lang sikt og er ikkje så oppteken av meningsmålingar. Det er når folk ser politikk dei likar, vil det slå positivt ut.

– Kva saker meiner du er viktigast for KrF no?

– Det aller viktigaste er at verdigrunnlaget vårt blir tydeleg. Vi har eit samfunn som er fundert på det kristne verdigrunnlaget, og det er dei positive byggjeklossane.

Sørfonn nemner fattigdom, fellesskap, skulen, familien og internasjonal solidaritet som viktige saker.

– Ikkje nødvendigvis skrekkscenario

– Kva svarer du dei som meiner at Ap undergrev det kristne verdigrunnlaget?

– Dette sit djupt, og vaks sjølv opp med det. Men ser ein realpolitisk på det, er situasjonen mykje meir nyansert, seier Sørfonn.

Han har sjølv arbeidd mykje med friskulespørsmål og opplevd at det var mogeleg å oppnå forståring med Ap om rammevilkåra for desse når KrF har gått i dialog.

– Det er ikkje alltid eit skrekkscenario blir ein realitet. Vi får sjå kva vi kan få til med Ap og Sp.

– Men trur du Ap er villige til å skyve SV ut for å få inn KrF?

– Frå vår side er det viktig at vi fremjer våre interesser og standpunkt. Eg har ikkje lyst til å spå for mykje i kva andre vil gjere.

Powered by Labrador CMS