Stort fleirtal for å gå inn i pinserørsla
127 av 170 representantar på De Frie sitt landsmøte gjekk inn for ei prøveordning med pinserørsla. Pinseleiar kallar det eit historisk vedtak.
Under De Frie Evangeliske Forsamlinger sitt landsmøte på Lindesnes i Vest-Agder vart det vedteke at den 150 år gamle rørsla skal bli ein del av pinserørsla.
– Dette har vi jobba med periodevis sidan år 2000. Det har ikkje gått fort. Hadde det gått saktare hadde det stoppa heilt opp, sa generalsekretær Kjell Ohldieck til landsmøte i forkant av avrøystinga.
Behov for å stå saman
Forslaget går ut på at forsamlingane tilknytta De Frie Evangeliske Forsamlinger skal knytte seg opp mot pinserørsla. I første omgang er det snakk om ei prøveperiode på tre år.
– Presset er stort på frikyrkjelegheita, spesielt i samlivsetiske spørsmål. Eg treng nokon å stå saman med og eg trur at vi er betre saman, sa Ohldieck, og spelte på temaet for årets sommarstemne, som er "Betre saman".
I etterkant sa Ohldieck at han var glad for at landsmøtet var så tydelege i avrøystinga.
– At det var eit så tydeleg fleirtal gir tryggleik for oss som skal jobbe vidare med dette, seier Ohldieck til Dagen.
Han meiner at motstandarane av forslaget berre må innsjå at det ikkje lenger var mogleg å stå aleine.
– Vi må konstatere at vi har hatt ei utvikling som ikkje har vore spesielt positiv, og vi kjenner på behovet for å stå saman med nokon som er større. Då er pinserørsla den nærmaste og mest naturlege for oss å stå saman med, seier Ohldieck til Dagen.
Motstandarane av forslaget var markante frå talarstolen, men når røystene var talde opp var det berre 44 som stemte mot forslaget. Under debatten var ei gruppe svært kritiske til prosessen bak vedtaket, og fleire uttalte at dei ikkje hadde tillit til leiarskapet.
Ohldieck seier at det var ein viktig, men krevjande debatt.
– Folk må få meine kva dei vil om prosessen og alt som har skjedd. Det som eg kjenner på at er litt vondt er å bli tillagt meiningar, og ikkje vert trudd på kva som er motivasjonen min, fortel Ohldieck.
Rørsla vil bestå
Pastor i M40 Oslo, Frank Søgaard, var blant dei mest tydelege på nei-sida. Han seier at forsamlinga hans ikkje har nokon planar om å bli med inn i pinserørsla. Dei ynskjer å halde fram som DFEF saman med andre nei-forsamlingar på Austlandet.
– Rørsla kjem aldri til å forsvinne. Vi er for mange forsamlingar som ikkje vil vere med på lasset. Vi vert færre forsamlingar, men rørsla kjem til å bestå. Det er dei andre som går ut av rørsla, og vi ynskjer dei lukke til, seier Søgaard til Dagen.
Søgaard meiner at landsmøtet burde lytta til «den frie evangeliske rørsla sin far», Erik Nordquelle, sine over hundre år gamle formaningar.
– Heile rørsla starta i Oslo kor eg er pastor. Eg har funne fram gamle papir frå Norquelle si tid, kor han med handskrift har skrive at rørsla alltid skal vere frie og uavhengig forsamlingar, fortel Søgaard.
Historisk vedtak
Leiar for Pinserørsla sitt leiarråd, Sigmund Kristoffersen, var invitert til å delta på landsmøtet. Han var glad for vedtaket, og trur at rørslene kan stå sterkare saman.
– Eg er veldig glad for det valget dei har teke fordi eg trur at det betyr mykje for kristenheita i Noreg. Så forstår eg at dette også smerter nokon fordi dei har hatt ein forkjærlighet til sin identitet og sin historie, men eg synst at vedtaket var veldig positivt, seier Kristoffersen.
Pinseleiaren kallar vedtaket historisk og er glad for at ein no har samla dei pinsekarismatiske rørslene.
– Sanninga er at De Frie Venner alltid har vore pinsevener, men dei har ikkje vore med i den norske pinsebevegelse. Så eg trur at det no er viktig å stå saman som ei konservativ pinsekarismatisk kraft for nettopp å utbreie Guds rike og for å vere ein samfunnsfaktor, seier Kristoffersen.
Blanda kjensler
Leiar for Betania Kristiansand, Arvid Solheim, seier at det for han var ein dag med blanda kjensler. Han har vore ein del av rørsla heile livet, men likevel røysta han og dei andre representantane frå forsamlinga ja til å gå inn i samarbeidet med pinserørsla.
– Det var jo ein trist dag. Det var historisk sus over dette, samstundes som det var ei forventning om at det må kome noko godt ut av dette. Det var veldig blanda kjensler, seier Solheim i etterkant av møtet.
Solheim seier at han er ein «ekte fri ven». Han har vore i rørsla sidan han var «ein neve stor», og har vore engasjert sidan ungdomen. Han såg likevel behovet for å tilslutte seg ei større rørsle.
– Vi har ikkje noko igjen av overbygninga. Alt er borte. Vi har blitt 62 sjølvstendige forsamlingar utan noko fellesskap. Det er betre å bli med og få røysterett i pinserørsla, slik at vi kan vere med og prege utviklinga og få ein finger på rattet, seier Solheim.
I Kristiansand vil det bli to forsamlingar som er tilslutta pinserørsla innanfor 50 meter. Solheim seier at det framleis vil vere ein forskjell på forsamlingane.
– To pinseforsamlingar på 50 meter er i overkant, men vi er ei frikyrkje. Vi vert ikkje ei pinseforsamling sjølv om vi knyttar oss til pinserørsla. Slik at den diskusjonen får vi heller ta opp igjen om tre år, seier Solheim.