FRP: Himanshu Gulati (Frp) på Stortinget.
Foto: Herman Frantzen
Student skreiv «han» og «ho» på eksamen: No har saka nådd Stortinget
Frp-politikar Himanshu Gulati uttrykkjer si fulle støtte til psykologistudenten Synnøve Melhus (23) som tok i bruk pronomena «han» og «ho» i eksamenssvaret sitt.
Måndag omtalte Dagen saka til Nettavisen, der det kom fram at den 23 år gamle psykologistudenten Synnøve Melhus ved Universitetet i Oslo strauk på eksamen i emnet «Seksualitet og seksuell helse».
Eitt av ankepunkta i eksamenssvaret hennar var ifølgje sensor at ho hadde brukt dei biologisk forankra pronomena «han» og «ho».
No har saka nådd Stortinget. Stortingsrepresentanten Himanshu Gulati (Frp) uttrykkjer djup medkjensle med den 23 år gamle studenten.