ENGASJEMENT: Jon Teigen meiner sterkare eigarskap til konkrete prosjekt i regi av Norges Samemisjon kan utløyse meir engasjement for arbeidet til organisasjonen.

Styrka i trua på framtid for Samemisjonen

Nyvald styreleiar Jon Teigen meiner nøkkelen ligg i å omstille seg frå å vere ein stor til ein liten organisasjon.

Publisert Sist oppdatert

Det siste året har vore prega av mykje og til dels skarp debatt om framtida for tradisjonsrike Norges Samemisjon.

Under landsmøtet i Alta i oktober vart Jon Teigen frå Ålesund vart vald til styreleiar.

– Det var eit sjokk, for det var aldri i min tanke. Men eg opplevde det som eit kall å gå inn i dette, fortel han.

Tok ei rundreise

Landsmøtet vedtok å utsetje avgjerda om eventuell fusjon med Misjon Sarepta. Sidan Teigen fekk formannsvervet, har han investert mykje tid i å bli kjend med det som finst av arbeid i organisasjonen. I løpet av november og desember har reist rundt til krinsane i Sør-Noreg og i Finnmark.

– Eg ser store utfordringar og store moglegheiter. Eg kjenner på ein ny optimisme og er freista til å seie at det trengst ei lita kursjustering, seier Teigen.

Konservativ kurs

På 1950-talet hadde organisasjonen rundt 2.500 foreiningar på landsplan. I dag er det under 20 igjen. Det samla bokførte underskotet sidan årtusenskiftet nærmar seg 80 millionar kroner.

– Det vert sagt at vi står ved eit vegskilje, og det er heilt korrekt, erkjenner Teigen.

Han meiner ein må vere einig med dei som seier at organisasjonen har vore driven på ein måte som ikkje har ført til rekruttering og berekraftig økonomi.

– Men det må vere veldig klart at vi ikkje treng ein ny kurs når det gjeld teologi. Sjølv om somme vil prøve å skape litt splid der, står vi framleis på den same plattforma, understrekar Teigen.

Ønskjer samarbeid

Eit kjenslevart spørsmål er forholdet til læstadianismen. I eit intervju med Dagen i sommar tok Teigen til orde for å frigjere Samemisjonen litt frå denne tradisjonen. Det førte til ein skarp reaksjon frå mellom anna tidlegare dagleg leiar Roald Gundersen som spurte om Teigen vil gå i bresjen for ein ny fornorskingsprosess.

– I etterkant ville eg kanskje uttrykt meg litt annleis i det intervjuet , men min strategi har heile tida vore at vi må gå litt breiare ut for å nå fleire med evangeliet, seier Teigen.

Han understrekar at læstadianismen naturleg høyrer heime i Samemisjonen, men ønskjer også samarbeid med andre som har ein teologisk konservativ profil. Dette skreiv han også sjølv i Dagen 1. juli i år.

– Indremisjonsforbundet ønskjer samarbeid. Og vi har også fått spørsmål frå basen til Ungdom i Oppdrag i Troms som vi enno ikkje har svart på, fortel han.

Færre nøkkelstader

På nordkalotten meiner Teigen dei kristne flokkane uansett er så små at dei treng kvarandre. Det gjer at han også ser behov for å prioritere samarbeid endå tydelegare.

– Misjonsstrategien vår har gått ut på å gjeste så mange små bygder som mogleg ein eller to gonger i året. Eg er litt spørjande til om det er den beste måten å byggje Guds rike, seier Teigen.

Han trur det er meir føremålstenleg å satse meir på færre nøkkelstader.

– Folk i Finnmark har eit heilt anna forhold til avstandar enn vi har sørpå. Å reise ein time for å gå på eit møte, er for mange ingen problem, seier han.

Eigarskap til prosjekt

Generelt meiner han organisasjonen treng å omstille seg frå å ha vore stor til å vere liten. Det gjeld også økonomien, som han ope vedgår er utfordrande.

– Sjølv om det har vore gjort ein god jobb med å kutte kostnader, må vi gjere meir for å auke inntektene, seier han.

Ei av satsingane hans er å presentere 15 forskjellige konkrete prosjekt som krinsar, foreiningar og einskildpersonar kan verte utfordra til å ta ansvar for. Det gjeld både i Finnmark og på Kola-halvøya i Russland.

Til dømes vart han oppmuntra av ei foreining som ville ta kostnaden på 55.000 kroner til kjøken i ei nybygd kyrkje i Russland.

– Når folk blir utfordra til konkrete prosjekt, er det lettare å få til innsamlingsaksjonar, seier han.

– Kanskje har noko av problemet til Samemisjonen vore den store pengesekken? Den har kanskje skapt ei kjensle av at det ikkje er så farleg å drive med underskot, spør han.

Rakar ihop glør

Frå landsmøtet sit han igjen med eit klart inntrykk av at dei samiske delegatane ikkje var klare til å ta stilling til forslaget om fusjon med Misjon Sarepta.

– Eg trur vi treng meir tid for å finne vegen vidare, seier han.

– Kva er det som motiverer deg?

– Eg er skrudd slik saman at utfordringar alltid har trigga meg. I utgangspunktet meiner eg det er mogleg å revitalisere Norges Samemisjon. Kan vi få karra saman glørne som finst i Finnmark og resten av landet, kan det ta fyr. Det er det vi kallar vekking, seier han.

Det meiner han føreset vilje til samarbeid og forsoning.

– Det er viktig at vi står saman. Vi må roe oss ned og omtale kvarandre med respekt.

Norges Samemisjon

Starta i 1888.

Har drive eit omfattande misjonalt og diakonalt arbeid i Nord-Noreg og etter kvart i Russland.

Har streva med underskot og manglande rekruttering dei siste tiåra.

Eit forslag om fusjon med Misjon Sarepta vart sett på vent av landsmøtet i oktober.

Powered by Labrador CMS