Suspendert då han utfordra sølibatet
I det katolske fyrtårnet Slovakia har ein prest blitt suspendert etter å ha skrive bok der han argumenterer for at prestar bør få gifte seg. Det likte ikkje biskopen hans.
Nye avsløringar av overgrepsskandalar innanfor Den romersk-katolske kyrkja ført til fornya debatt rundt kravet om at katolske prestar må leve einsleg. Både geistlege i land som Irland, Tyskland og USA og organisasjonar for lekfolk har teke til orde for dette.
Den slovakiske presten Michal Lajcha meiner det er på høg tid å gjere sølibatet frivilleg. Han har skrive ei bok i to versjonar - ein for teologar, ei anna for lekfolk - der han argumenterer mellom anna med at ei slik endring ville førebyggje seksuelle overgrep, melder Associated Press.
Opplever avstand
Tittelen er meint å provosere: «Tragedien med sølibatet - konas død». Ein gift mann kan i utgangspunktet nemleg berre bli vigsla til katolsk presteteneste dersom kona hans ikkje lever lenger.
– Oppdraget til kyrkja er å leve nær folk. Men korleis kan eg vere nær menneske når eg lever eit så radikalt annleis liv, spør 34-åringen i eit intervju med Associated Press.
Han meiner det er ein avgrunn mellom presteskapet og folk flest.
Eit tilsvarande synspunkt vart nyleg framsett av den fremste talsmannen for familiespørsmål i Vatikanet. Prestar manglar truverde når dei skal førebu menneske på ekteskap, sidan dei manglar erfaring, hevda kardinal Kevin Farrell i eit intervju med det irske magasinet Intercom i sommar.
Opnare haldning
Slovaken Michal Lajcha meiner at prestar som han verken deler sutene eller gledene med menneske dei skal gi åndeleg omsorg.
– Det er som forskjellen mellom å vere på toppen av Mount Everest og å høyre ei historie om det, skriv han om andrehands erfaringar.
Den romersk-katolske kyrkja har kravd søibat av prestane sine sidan 1074 og er ikkje ei doktrine. Kritikarane meiner det dermed kan endrast. Pave Frans har vore inne på dette i boka «On Heaven and Earth» som kom i 2012, medan han framleis var kardinal. Men inntil vidare støtta han å vidareføre ordninga. Som pave har han likevel uttrykt ei open haldning til å ordinere gifte menn, særleg for å bøte på prestemangel visse stader.
– Demoniserer seksualitet
Andre argumenterer for at det er ein samanheng mellom sølibatskravet og overgrepsskandalane i Den romersk-katolske kyrkja. Fleire grundige studiar har ikkje funne nokon korrelasjon, men nokre ekspertar har lenge hevda at det eine heng saman med det andre, ifølgje Associated Press.
Michal Lajcha ser uansett på dette som eit paradoks.
– Kyrkja demoniserer seksualiteten og held han skjult, og på same tid vert born misbrukte, seier han.
Sjølv om han ikkje trur at problema ville fordufte med frivillig sølibat, meiner han situasjonen ville vere litt annleis.
Vart suspendert
Lajcha seier han er budd på å forlate kyrkja sjølv om han opplever prestetenesta som meiningsfull.
– Eg ønskjer å ha ein familie. Dette er uhaldbart for meg, seier han til AP.
No er Lajcha blitt suspendert frå kyrkja av biskopen. Han får ikkje halde gudstenester og får ikkje løn, ifølgje Mitteldeutsher Rundfunk. Offisielt er grunnen at han ikkje har halde dei daglege gudstjenestene, men presten er sikker på at kyrkja vil straffe han for boka.
Det blir også brukt mot presten at han ikkje skal ha stilt til eit avtalt møte med biskopen.
For tida arbeider presten med å finne finansiering til å omsetje boka boka til engelsk.