SV-debatt om sex, vald og klima
Meir sex i seksualundervisninga og vald mot kvinner er blant tema for føreslegne fråsegner som SVs landsmøte skal handsame denne helga.
Les også: Lysbakken: – Helligdagen 75 prosent mindre hellig
20 av 57 innsendte forslag er valt ut til diskusjon, mellom anna Sosialistisk Ungdoms to forslag om «Industri for framtida» og om meir sex og eksperimentering i seksualundervisninga.
Aller helst vil SU at undervisninga skal starte i barnehagen for å lære barn grensesetting. Dei meiner at det snakkast for lite om «nytelse, lyst og intimitet» og at unge lærer meir om sex frå «porno enn opplyste voksne».
Fredag kveld ble dette forslaget stemt ut av landstmøtet - uten debatt.
Se klipp fra Lysbakkens tale til landsmøtet:
Fjerne skuletestar
Ei heilt anna skulesak kjem frå sentralstyret, som vil redusere talet på testar, hindre innføring av karakterar i barneskulen og nekte offentleggjering av nasjonale prøver.
Kvinnepolitisk utval, Oslo SV og Sør-Trøndelag SV krev at vald og valdtekt mot kvinner blir sett på som eit folkehelseproblem. Dei føreslår å lovfeste at sex utan samtykke er valdtekt. Vidare vil dei gi ungdomsskulejenter tilbod om kurs i sjølvforsvar.
Eldreomsorg og fisk
SV har også ei rekke miljø- og distriktssaker på tapetet. Mellom anna er nordnorske fylkeslag opptekne av å stanse regjeringas «ran av kysten». Dei vil ikkje gi fiskerettane til private.
Andre fylkeslag kjempar for norsk landbruk, for å halvere norske utslepp og for å innføre karbonavgift på fossile drivstoff.
Sentralstyret slår fast at kommunevalet blir eit vegskille for eldreomsorgen. Dei vil kjempe for offentleg og ideell omsorg, med auka bemanning og færre stoppeklokker i heimeomsorga.