Organisasjonen KRIK i Sverige er frittståande frå KRIK Noreg.

Svenske KRIK tek ikkje stilling til homofilt samliv

– Vi har lidd med nordmennene og sett at spørsmålet har ført til debatt og splid blant leiarar.

Publisert Sist oppdatert

Organisasjonen KRIK i Sverige er frittståande frå KRIK Noreg og har ingen retningslinjer for leiarar som omhandlar homofilt samliv.

– Vi har lidd med nordmennene og sett at spørsmålet har ført til debatt og splid blant leiarar og teke mykje av fokuset bort frå arbeidet, seier Mattias Ottestig, generalsekretær i svenske KRIK.

KRIK sine søsterorganisasjonar i Noreg, Sverige, Danmark og Finland har eit nært samarbeid på leiarnivå, men har ikkje eit samarbeid kring sjølve arbeidet. Spørsmålet om homofilt samliv og sambuarskap, som har segla opp i Noreg, har ikkje vore aktuelt i Sverige.

– Vi har ingenting som omhandlar homofilt samliv i leiarane sine retningslinjer. KRIK Sverige har ikkje uttala seg så tydeleg og har heller ikkje vore like konfronterande i spørsmålet på leiarnivå, forklarer Ottestig.

KRIK Sverige vert difor ikkje påverka av det som har skjedd i Noreg meir enn at dei følgjer debatten utanifrå, ifølgje Ottestig. Han fortel om svært delte meiningar blant dei svenske leiarane, sidan ein samlar unge menneske frå fleire ulike samfunn og bakgrunnar.

– Det er klart at det vert snakka og meint mykje når vi treffest. Eg står sjølv for eit veldig tradisjonelt syn i spørsmålet. Men vi er inga kyrkje eller eit eige trussamfunn, og dette er ikkje er spørsmål vi vil ha fokus på. Vi vil fokusere på Jesus og idretten.

Powered by Labrador CMS