– Tempoet går for fort i ruspolitikken

Regjeringa ønskjer avkriminalisering på rusfeltet. Organisasjonar ber politikarane sikre seg god kunnskap før dei vedtek noko.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa har varsla ein ny rusreform med avkriminalisering og heroinassistert behandling.

Helseminister Bent Høie (H) vil bort frå moralismen i ruspolitikken, ifølgje NTB.

Fredag er det høyring i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget om tre forslag til norsk ruspolitikk.

Nei til straff

Senterpartiet har foreslått å lage ei offentleg utgreiing om ruspolitikken, ein såkalla NOU.

Arbeidarpartiet ber om ein ny overdosestrategi.

Miljøpartiet Dei Grøne har ei rekke konkrete forslag. Dei krev ein ny rusreform der ansvaret blir flytta frå justissektor til helsetenesta.

MDG-representant Une Aina Bastholm ønskjer å tilby rusavhengige individuell behandling og ikkje straff. Ho vil ha frivillig deltaking framfor sanksjonar og tvang som berande prinsipp.

Ja til straff

Senterpartiet understrekar i sitt forslag at dei vil vidareføre lovforbodet mot å ha og bruke narkotika, fordi dei meiner det gir eit verkemiddel for å kunne gripe inn tidleg.

Samstundes meiner partiet at samfunnet må vurdere korleis ein kan gi helsehjelp framfor fengselsopphald til rusavhengige, særleg ungdom.

Helsehjelp

– Er Actis samd i vridinga mot mindre straff og meir hjelp for rusavhengige?

– Vi er for at rusavhengige skal møtast med helsehjelp og ikkje straff. Vi støtter ei vidareutvikling av narkotikapolitikken, med auka bruk av alternative reaksjonar, seier Per Gunnar Dahl i Actis.

Frelsesarmeen er litt skeptisk til MDGs forslag.

– Vi ser at rusavhengige treng helsehjelp, det er ingen tvil om det. Men vi er usikre på kva signaleffekt det har om du avkriminaliserar bruk og det å eige det, særleg overfor ungdom, seier Knut Haugsvær, verksemdsleiar for Frelsesarmeens rusomsorg i Noreg og på Færøyane.

#heilskapen

Saman med Actis og Blå kors stør Frelsesarmeen Aps forslag om å utarbeide en ny, nasjonal overdosestrategi.

Frelsesarmeen understrekar behovet for å sjå heilskapen, og ikkje berre enkeltvedtak som MDG legg opp til.

Overdosar

Organisasjonane meiner at ei utgreiing må belyse kva betyding førebygging, behandling og oppfølging skal ha, særleg dei sårbare punkta når folk slepp ut av fengsel eller rusinstitusjonar der risikoen er størst for tilbakefall og overdosar.

Mange døyr av overdosar når dei slepp ut, ifølge ein rapport frå Senter for rus og avhengighetsforskning (Seraf) ved Universitetet i Oslo.

– Kommunane må bli sitt ansvar bevisst i rusomsorga og bør få øyremerka midlar, understrekar Actis-leiar Per Gunnar Dahl.

Avkriminalisere

I tillegg vonar Blå Kors at ei utgreiing også vil inkludere alkohol, ei utfordring som rammar langt fleire enn narkotikamisbruk.

– Er de for avkriminalisering?

– Eg trur ikkje det nødvendigvis er vegen å gå her. Politiet kan ha ei viktig rolle i tidleg å stoppe unge på veg inn i rusproblem, seier generalsekretær Jan Elverum.

Frelsesarmeen har ikkje eit enkelt svar på spørsmålet.

Høgt tempo

Actis er skeptisk til det raske tempoet i debatten om ruspolitikken.

– To av dei store partia snudde under sine landsmøte når det gjaldt tilnærminga på rusfeltet. Det blir brukt ord no om at alt skal bli annleis, at vi har dårleg tid og at alt på må plass veldig raskt.

Han deler utolmodet for at noko må gjerast for dei tyngste rusavhengige, men understrekar at samfunnet må ta i bruk dei verkemidla vi allereie har.

– Det er ikkje slik at alt vi gjer er mislukka. Til dømes er det gode resultat på skadereduksjon. Vi har mange menneske i LAR-behandling og det er gitt tydelege pasientrettar. Dessverre er det ikkje nok, seier Dahl.

Blå Kors stemmer i.

– Legaliseringsdebatten er blitt veldig dominerande, mens den store hop av rusavhengige som treng hjelp ikkje er blant dei tyngste brukarane. Debatten speglar ikkje totalbiletet, og det er uheldig. Dei aller fleste som treng hjelp er foreldre og i arbeid, men kan miste både barn og jobben om dei ikkje får hjelp til å stoppe, seier Elverum.

KrF kritisk

Kristeleg Folkeparti er kritisk til forslaget om å overføre rusfeltet frå justis til helse.

– Då mister vi høvet til å gripe inn overfor ungdom. Dessutan kan vi allereie i dag dømme folk til ungdomskontraktar, oppfølging, domstolskontroll og å sone i behandlingsinstitusjonar, seier helsetalskvinne Olaug Bollestad.

Ho vil halde fast på prinsippet om å gjere folk rusfrie.

– Vi må ikkje miste målet om rusfridom av syne og heller gi substitutt heile vegen, seier KrF-nestleiaren.

Powered by Labrador CMS