ELEKTRISK: Stemninga er på topp på 11-møtet under Spekter-festivalen. Frå scena byr Ten Sing-ungdommar heile salen med på både allsong og dans.

Ten Sing fyller 50

Ei særnorsk eksportvare er 50 år. Ten SIng-festivalen «Spekter» samlar ungdom frå heile Europa som har blitt gira på ideen om kristent lågterskelkor med mykje attåt.

Publisert Sist oppdatert

Tre luker i teltduken opnar seg og ein straum av tenåringar veltar inn i det store sirkusteltet. Det sitrar av forventning i benkeradene som raskt fyllest opp. Taktfast klapping skrur stemninga opp endå eit hakk.

Booom. Scena eksploderer i lyskastarar, musikken dundrar ut høgtalarane, det er umogleg å bli sittande i ro. «Hey everybody we’re connected. Singing ey oh, I won’t let go. Mind, body, soul, He has made us whole».

Dei fengande rytmene kunne ha glidd rett inn på radioen din. No får songen 2050 deltakarar på Ten Sing-festivalen Spekter til å synge høgt at vi alle står saman, at Han har gjort oss heile.

Eksportartikkel

Den norske Ten Sing-rørsla som i år feirar 50-årsjubileum, har fått avleggarar over heile Europa, men også i Sør-Afrika, Brasil og Kina. Det heile starta på TT, tenåringstreffet til KFUK-KFUM, i 1968. Då blei Ten Sing lansert, og raskt adoptert i KFUK/M-miljø over heile landet. Men konseptet skulle vise seg å spreie seg også utanfor landegrensene.

– Ten Sing er den viktigaste eksportartikkelen til Norges KFUK-KFUM. Danmark og Tyskland var tidleg ute med å omfamne konseptet, sidan har fleire kome til, fortel Kristin Glad. Ho er informasjons- og ekspansjonskonsulent i Norges KFUK-KFUM.

Gjennom Ten Sing Norway, som er eit slags folkehøgskuleår der eit kor med ungdommar frå heile landet reiser rundt og held seminar og konsertar, har Ten Sing-ideen blitt spreidd naturleg, fortel ho.

Frieri austover

Det siste tilskotet for å nå fleire, er Ten Sing Arctic. Det er eit samarbeid med Folkehøgskolen Nord-Norge, der deltakarane tek den transsibirske jernbana gjennom Russland og stoppar i ulike byar. For det er nettopp austover i Europa mange av dei nyare Ten Sing-kora poppar opp.

Ut frå ein grøn allè kjem tre regnponchoar vandrande. Under dei hettene skjuler det seg tre ukrainske smil. Nadia Kostrets (17), Khrystyna Dovhenych (16) og Iryna Nykorych (17) er i utlandet for første gong. Dei kjem frå den vesle ukrainske byen Nyzhnje Selyshche sørvest i Ukraina. Her har det vore ei aktiv Ten Sing-gruppe i seks år.

– Vi driv mest med teater, sirkus, seminar om menneskerettar, ja også flammeshow då, forklarer dei via tolk.

Sjølv om engelsken er sparsom, fortel dei at dei stortrivst på Spekter. Jentene har nettopp vore ein tur innom festivalkyrkja, no står den eine konsertscena for tur.

– Her møter vi snille folk og ei fin atmosfære, seier dei.

Tysk omfamning

Eitt av landa der Ten Sing tidleg fekk solid fotfeste, er Tyskland. Sebastian Vogt har vore ein del av den tyske tensingrørsla i mange år.

– I Tyskland var det lenge eit holrom i ungdomsarbeidet for denne aldersgruppa. Gjennom Ten Sing får ungdommane gjere alt frå å dirigere til å sitte ved miksepulten. Eg trur det appellerer så bra fordi folk likar å stå saman på ei scene og har lyst til å engasjere seg i noko som handlar om meir enn musikk, seier han.

Franca Kneier nikkar. Ho har ansvaret for å koordinere Ten Sing-arbeidet i 15 europeiske land og ser at Ten Sing for mange kan bli eit trygt miljø der dei torer å utfalde seg.

– Du kan vere med å synge sjølv om du ikkje er ein god songar. Du får sjansen til å ta ansvar, samtidig som du kan bli støtta og løfta opp av dei andre i fellesskapet viss det er det du treng, forklarer ho.

Espen Kvammen Amundsen leier den delen av Spekter-festivalen som omfattar dei europeiske gruppene. Han ser at aktiviteten varier frå gruppe til gruppe og land til land.

– Ein av dei viktige tinga med Ten Sing er at ein kan sjå litt an kva musikkstil og aktivitetar folk likar, alt frå rock, til gospel og hip hop, og tilpasse deretter. Ten Sing har bidrege til å bringe ungdomskulturen inn i kyrkja, seier han.

Tenke sjæl

Filosofien til Ten Sing er åpent medlemskap, kristent leiarskap.

– Er Ten Sing tydelege nok på den kristne forankringa?

– Vi ønskjer å ta utgangspunkt i kvardagen til ungdom, at dei skal vere seg sjølve og samtidig stå opp for andre. Kristenlivet skal ikkje vere ein sær liten sektor av livet ditt, men heile deg, forklarer Kristin Glad.

Ho fortel at den tilbakemeldinga dei oftast får, er at folk kjenner på at dei kan vere seg sjølve, samtidig som dei er ein del av eit godt fellsskap.

– Ten Sing har klart å slå inn mange dører som før var stengde. Eg veit at det blei oppstandelse på 80-talet då Risør Ten Sing song Tenke sjæl av Trong Viggo Torgersen i kyrkja. Ten Sing er kjent for å ta trommene inn i kyrkja. Diskusjonen rundt trommer er jo fjern i dei fleste kristne samanhengar no. Ten Sing har altså hatt ein enorm innverknad på det kyrkjelege musikkinntrykket, seier ho.

Frå null til 170

Ei av dei største Ten Sing-gruppene i Noreg i dag, er Bømlo Ten Sing. På festivalområdet ruslar to fedre rundt under svarte paraplyar. For sju år sidan, då barna deira var i ferd med å bli ungdommar, innsåg dei at det var få fritidstilbod til dei som ikkje var så ivrige på idrett. Dei fekk med seg fem jenter i ungdomsskulealder og starta opp igjen Bømlo Ten Sing som hadde lege brakk i fleire år. Det skulle vise seg å fenge meir enn dei kunne drøyme om.

– På det meste har vi vore 170 ungdommar på øvinga, fortel Sigbjørn Næsse.

Då han og kameraten John Kåre Torkelsen tok initiativ til Ten Sing-gruppa, gjorde dei det med eit tiårsperspektiv. Dei venta ikkje at det skulle bli populært så raskt.

Bedehus inga hindring

Ein ting har dei likevel lagt merke til som avgjerande for engasjementet. Dei ungdommane som tidleg får ansvar, er gjerne dei som blir verande med i arbeidet vidare. Foreldra opererer i kulissane, ungdommane får styre skuta. Samlingane til Bømlo Ten Sing er lagt opp slik at før pausen er det korøving, etter pausen deler ungdommane seg inn i ulike grupper. I tillegg til dans og dramagruppe, har dei også eiga DJ-gruppe, mekkegruppe og mediagruppe.

– Då får ungdommane prøve seg fram i det dei er interesserte i. No kallar ein det ikkje Ten Sing-kor lenger, men Ten Sing-gruppe, forklarer Næsse.

– Går det ei skiljelinje mellom Ten Sing og bedehusmiljøet?

– Det er nok ein del gamle haldningar blant dei eldre, men dei unge tenker ikkje på slikt. Eg er jo sjølv eigentleg bedehusmann, men såg at det mangla gode aktivitetar for tenåringane. Eg var med i Ten Sing då eg var ung og hadde lyst å gi barna mine det same tilbodet, fortel John Kåre Torkelsen.

Speed-date og nåde

Ein del av Bømlo-delegasjonen kjem vandrande over sletta. Konserten med den kviterussiske tensinggruppa blei utsett ein halvtime, så då vil dei heller spele Gaga-ball, ein av dei mange aktivitetane festivalen byr på mellom konsertar og møte.

– Vi merkar på alle vi møter og snakkar med at vi har noko til felles. Folk her møter deg med eit ope sinn, fortel Helene Enestvedt (18) frå Bømlo-gjengen. Tenåringane fortel at dei ser fram til både føredraga, bursdagsfeiringa av Ten Sing 50 år på laurdagskvelden - og så speed-datinga då.

Lenger borte står Zarska Barbora (16) frå Tsjekkia. Saman med ein heil gjeng prøvar ho å balansere ein tennisball frå start til mål på eit stort labyrintbrett. På skiltet står det «Work together!» (Arbeid saman!). Mange støttande hender på alle sidene av brettet må til for å unngå at ballen dett ned i ei av dei mange holene. Felles språk er derimot ikkje så viktig for å nå målet.

– Ten Sing er den beste tingen i livet mitt. Her har eg funne vennar, kjærleik, ja alt, seier ho og lyser opp i eit stort smil.

Inne i sirkusteltet øver bandet til neste fellessamling. Bassrytmene frå festivalsongen når ut på sletta der regnet akkurat har takka for seg: «We can make the world a better place. Feel it pumpin through the air, it is the gift of Grace», syng dei. Eller omsett til det originale Ten Sing-språket: Vi kan gjere verda til ein betre plass, kjenn kor det går gjennom lufta. Nåden er gåva.

Powered by Labrador CMS