Tenåringar møter Jesus på idrettsleir
I Bø i Telemark samlast ungdomane for trus– og idrettsfellesskap under varme dagar i sola.
– KRIK Action er eitt av våre store flaggskip sidan det starta for 30 år sidan. Ungdomen får ein skikkeleg pangstart på sumaren. Nokre av deltakarane har vore med mange gongar før, medan andre er heilt ferske og har kanskje ikkje vore på eit kristent arrangement før, seier Anna Kristine Robsahm Berg, kommunikasjonsansvarleg for KRIK.
Ho er ein av medlemene i hovudkomiteen som arrangerer KRIK Action – sumarleiren som finn stad i Bø i Telemark. Her møtest ungdom til idretts– og trusfellesskap.
Lågterskeltilbod
– Vi prøver å ha eit lågtreskeltilbod. Det som vert forkynt under møta, skal vere lett å forstå. Det same gjeld idretten, ved at det ikkje er lagt press på ungdomen om å prestere, seier Berg.
– Variasjon i lovsongen har vi tru på. Og vi opplever at ungdomen set den høgt.
I Bø er det meldt sol og fint vêr opp mot 30 plussgrader.
– Alt er lagt til rette for ei fantastisk veke!, seier ho.
– Felleskap er veldig viktig for oss, og denne gongen satsar vi på å ha fleire fellesmåltid og ulike aktivitetar utover ettermiddagen og kvelden. Og vi legg til rette for at alle skal kjenne seg sedde og som ein del av felleskapen, legg ho til.
Elles har KRIK Action halde seg til omtrent den same formelen i alle år. Berg seier at den framleis fungerer godt og fengjer ungdomen.
– Vi vonar at nye vil finne seg til rette. KRIK Action har fleire hundre frivillige leiarar som har i oppgåve å få deltakarane til å kjenne seg sedde og møtte på ein god måte, slik at dei kan ta med seg ei god oppleving i bagasjen når dei forlèt leiren, seier ho.
Temaet «Liv»
Dei har leigd inn fire talarar som tek føre seg temaet «Liv».
– Vi ynskjer å fortelje dei unge korleis dei kan leve eit liv med Jesus, Og kva er det som eigentleg gjev liv? Ulike spørsmål vil verte reiste, og vi skal prøve å kome fram til gode svar i laupet av veka.
Ho legg vekt på at ungdomane skal ha det gøy og lære noko nytt.
– Eg har sjølv fått røyne, som deltakar på leiren, at den har vore viktig for meg og livet mitt. Og seinare fekk eg muligheten til å jobbe i KRIK. Det er min måte å gje tilbake på. Å leggje til rette for gode møtepunkt, der ein kan leggje vekk prestasjonspresset, er ein god motivasjon for meg, seier Berg.
Kjend med Jesus
Ho synest det alltid er kjekt å sjå ungdomen strøyme inn på leirplassen.
– Kva gler du deg mest til?
– Opningsmøtet, der alle er samla under same tak, og forventninga i salen.
– Har du eit minne frå tidlegare du hugsar spesielt godt?
– Det har vorte mange minne i laupet av ti elleve år. Eg minnest alle dei gode venene eg har fått, og gleda ved å sjå folk igjen. Og det er kjekt å sjå at folk eg har vore instruktør for, har vorte leiarar.
Ho seier at det er fleire som har blitt kjende med Jesus på KRIK–leir og teke i mot Han.
– Vi gler oss enormt mykje til å dele veka saman, både med Jesus og kvarande.