Tente på korantekst ved uhell. Måtte reddast frå rasande mobb
Pakistansk politi fekk med naud og neppe redda livet til kristen eigar av skofabrikk.
Laurdag rydda Nazir Masih søppel som hadde blåst inn på eigedommen rundt skofabrikken til familien. Dei bur i eit kristent nabolag i Punjab-provinsen i Pakistan.
Han sette fyr på papir som hadde falle ut av ein kartong nær fabrikken hans. Blant papira var det, utan at Masih visste om det, delar av ein koran.
– Ved eit uhell sette han altså fyr ein koran, fortel Sajid Christopher i Human Friends Organization (HFO), Stefanusalliansens partnar i Pakistan.
Han og eit team frå HFO var raskt på plass og har sendt ut ein grundig rapport, ifølgje stefanus.no
Veksande mobb
Dei utbrende restane av Koranen vart oppdaga av ein nabo. Denne har vore i konflikt med familien til Nazir Masih i fleire år.
Naboen til høyrer det ytterleggåande islamistpartiet Tehreek-e-Labaik Pakistan (TLP) som krev dødsstraff for blasfemi.
Han mobiliserte meiningsfellar. Rundt 150 personar samla seg rundt huset til Nazir Masih, væpna med stokkar og mursteinar. Raskt vaks folkemengda til 400 personar. Politifolk frå fleire stasjonar vart tilkalla.
Begge partar melde til politiet
Politiet fekk ikkje hindra at mobben greip til vald. Både fabrikken og bustadhuset vart påtent.
I eit forsøk på å redde Nazir Masih og familien hans, brukte politiet tåregass mot folkemengda. Under evakueringa vart Nazir angripen og alvorleg skadd av mobben.
Nazir Masih er meld til politiet for blasfemi etter paragraf 295 A og B, paragrafar med dødsstraff. Han er også meld til politiet etter ei lov som mot terrorisme og ekstremisme.
Mobben er også meld til politiet. 44 personar er namngjevne i politimeldinga, medan mellom 350 og 450 er ukjende. Ifølgje den pakistanske nettavisa Dawn er 26 aresterte og sit i varetekt.
Fryktar meir vald
– Mange kristne i nabolaget låste heimane sine og flykta i panikk. Ein betydeleg politiinnsats er sett inn å skapa ro, hindra meir vald og sikre tryggleiken til dei som bur i nabolaget, fortel HFO.
Kristne andre stader i Pakistan har protestert i gatene etter åtaket, melder Vatican News.
Redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen fordømmer valden mot Masih, men er glad for at politiet stogga meir vald. Han legg til:
– Den pakistanske blasfemilova bryt med alle Pakistans nasjonale og internasjonale forpliktingar til trus- eller livssynsfridom, og er ei farleg drivkraft for religiøs ekstremisme. Vi ber difor om at anklagene mot Nazir Masih blir fråfalne straks og utan vilkår, og gjentar at desse blasfemilovene må opphevast.
Morken opplyser at dei som flykta etter åtaket, har vendt tilbake. Unntaket er familie som er på hemmeleg stad.
Blasfemilovgivinga i Pakistan har vore omtalt i ei rekke saker i Dagen gjennom fleire år, ikkje minst knytt til Asia Bibi. Hennes historie er også blitt bok som er utgitt også på norsk.