Teolog med ny teori om «alt»
Det er Atle Ottesen Søvik som kjem med teorien. Han er professor i systematisk teologi ved MF vitenskapelig høyskole (MF) i Oslo.
Nyleg gav Søvik ut boka A Basic Theory of Everything.
– Den passar perfekt for dei som måtte lure på kva som helst, seier han til MF. Boka kjem ut på De Gruyter forlag.
Forklare alt
Teologen seier til Dagen at han ønskjer å utforske korleis «alt» i verda heng saman.
– Prosjektet er å seie noko om kva som er dei grunnleggjande byggjesteinane ein treng for å forklare alt.
I boka, som er på 600 sider og som nesten veg eit kilo, kjem Søvik fram til ein slik teori, som han meiner kan brukast til å forklare alt frå fri vilje til naturlovane.
Gjennom arbeidet med boka kom Søvik innom spørsmål om kor etiske verdiar kjem frå. Det er ikkje slik at om ein ikkje trur på Gud, så forsvinn alt av etiske verdiar, forklarar han.
Han trur det er fullt mogleg å forsvare tradisjonelle etiske verdiar utan gudstru.
Vann pris – publiserte gratis-bok.
Søvik hadde eit ønske om at mange skulle lese boka. Likevel såg han det som urealistisk – det ville vore ei dyr bok på 500 sider.
Han kom likevel over ein konkurranse som kunne løyse problemet: Vinnar fekk kostnadsfritt få publisere manuset med gratis nedlasting for alle.
Det enda med at professoren vann.
– Det var ein glede å vinne, men først og fremst ein glede over å få boka publisert, seier teologen.
Til MF forklarar han at «nå kan interesserte lesarar velje om dei vil kjøpe boka for 1786 kroner eller laste den ned gratis».
For å gjere boka endå meir tilgjengeleg jobbar Søvik no med å lage nokre korte videosnuttar, fortel han til Dagen.
Der vil han forklare kvart kapittel i boka på fem minutt. Snuttane vil han publisere i august.
– Litt mindre «ko-ko»
Søvik seier det er ambisiøst å lage ein teori som forklarer alt. Difor var anerkjenninga han fekk for manuset viktig.
– Når du foreslår noko så vilt som ein teori om alt er det kjekt når andre filosofar og ekspertar går god for det.
– Det gjer boka litt mindre «ko-ko», seier han.
Teologen seier samstundes at «ingen teori kan forklare alt, men ein kan likevel forklare mest mogleg».
– Teorien svarar ikkje på alle spørsmål, men på dei grunnleggjande spørsmåla.
Skreiv til seg sjølv
Søvik starta skrivinga i 2017 når han hadde eit halvt år som berre skulle bli brukt på forsking.
– Då ville eg setje meg ned og tenkje over korleis ting eigentleg heng saman, seier han.
Professoren fann likevel få bøker som tok det føre seg. Dei få han fann, var han heller ikkje fornøgd med.
– Eg skreiv på mange måtar boka eg sjølv ville lest.
«Teologiens tre legoklossar»
Hovudpoenget i teorien til Søvik er at alt kan bli redusert til tre ting; ein kan kalle det for «teologiens tre legoklossar».
Dette er stad, kraft og subjektivitet.
Seier ein noko om desse tre «legoklossane», kan ein seie noko om alt, meiner teologen.
MF-professoren samanliknar det med ein stol som eigentleg berre er ei samling av atom.
På same måte meiner han desse tre «legoklossane» er det all teologi og filosofi eigentleg handlar om. I boka samanliknar han sin teori med andre konkurrerande teoriar, og meiner altså at hans teori kjem best ut.