Tilsette i kristne barnehagar
Skal vi driva eit kristent arbeid, er vi avhengige av kristne medarbeidarar. Tilsvarande er det for alle religionar og livssyn. For at det ikkje skal verta dobbeltmoral og forvirring, må medarbeidarane i tru, livsførsel og praksis vera i samsvar med det organisasjonen eller institusjonen står for. Elles vert det ikkje truverdig. Dette burde bera så sjølvsagt at det var udiskutabelt. Det oppstår likevel stadig diskusjon om kristne organisasjonar skal kunna stilla krav til tru og livsførsel til sine medarbeidarar, og kva stillingar det i så fall gjeld. Denne retten er fundamental, og han må nyttast.
Før helga hadde Bergens Tidende to store oppslag om ein kristen barnehage i Bergen, som hadde avslutta eit vikarforhold til ein
assistent som var muslim, og som sa opp ein medarbeidar fordi ho hadde vorte sambuar. Det er grunn til å støtta barnehagen i begge delar, og det er enda viktigare å løfta fram den fundamentale retten barnehagen har til å gjera nett dette.
Vi har fylgt opp denne saka, fordi ho er eigna til å få fram både kor viktig det er at det er eit kristent personell i kristne barnehagar, og visa retten til å styra slik slik at ein har det. Begge delar må vi kjempa for til det ytterste, elles går all kristen verksemd, som ikkje er rein forkynning eller trusopplæring, i oppløysing. Det gjeld særleg kristne barnehagar og kristne skular.
I kristne barnehagar skal alle medarbeidarane vera med på å skapa ei kristen atmosfære, visa kristen etikk og formidla kristen tru. Dette er ikkje eit spesialansvar for nokre utvalde, sjølv om det er ei viss fordeling i oppgåver. Det er ikkje nok at nokre ikkje motverkar kristen tru eller er passivt lojale mot den kristne føremålsparagrafen. Dei skal aktivt verkeleggjera denne.
For tida er retten til å stilla krav i høve til tru og livsførsel ut frå religion og livssyn til behandling i stortinget. Til grunn ligg det såkalla «Graver-utvalet». Fredag uttalte jusprofessor Hans Petter Graver, som var utvalsleiar, til DagenMagazinet at han meinte «oppseiinga» av den muslimske assistenten i indremisjonens barnehage var ulovleg etter noverande lov. Dette er alarmerande fordi Graver tidlegare har hevda at han meiner den endringa som utvalet hans har føreslått, ikkje er ei innsnevring av noverande lov, men ei presisering som gjer lova lettare å praktisera.
Dette inneber at den frie tilsetjingsretten, der ein kan setja krav til tru og livsførsel i samsvar med det institusjonen står for, vert gjort illusorisk. Dette må fylgjast opp heilt til topps i stortinget og om nødvendig i rettsvesenet. Barnehagen i Bergen må difor få full oppbakking frå alle hald som vil driva kristne barnehagar og skular med reelt kristent innhald.
Ei anna sak er at barnehageeigarar av ulike grunnar nokre gonger må gjera unnatak frå prinsippa sine, men det skal vera på eigne premissar. Det kan også henda at saker av denne typen ikkje alltid vert takla på aller beste måten, men det må ikkje få dominera i høve til saka. Psykologien rundt det kan også vera vanskeleg, men må ikkje verta styrande.