To kristne college i New York har stengt denne sommaren. Det er teikn i tida
Fleire kristne akademikarar er urolege for at kristne ikkje prioriterer institusjonar som gir høgare utdanning.
Etter månader med uvisse vart det i juli klart at King´s College på Manhattan ikkje tek imot studentar det komande semesteret. Seinast i fjor haust besøkte Dagen utdanningsinstitusjonen som har hatt utvekslingsavtale med NLA Høgskolen.
Krisa ved colleget vart også omtalt av New York Times i vår.
Mista akkreditering
King´s College har røter heilt tilbake til 1938. Dei siste åra har dei halde til svært sentralt på Manhattan, på Broadway like ved starten av Wall Street.
Formelt har skulen ikkje lagt ned, men undervisningspersonalet er sagt opp.
– Ved å ta ein pause frå undervisning, kan administrasjonen og styre fokusere på å finne ein langsiktig veg framover, som heile tida har vore målet, sa fungerande dekanus Henry Bleatter i ei pressemelding, ifølgje religionunplugged.com.
Det offentlege organet som gir akkreditering til slike utdanningsinstitusjonar i New York, oppfattar likevel institusjonen som nedlagd.
Ei av utfordringane har vore at store private donorar har gått bort, ifølgje religionnewsservice.com.
18 kristne stengt
Det er definitivt situasjonen for Alliance University. Skulen har røter heilt tilbake til 1882, men legg no ned etter å ha mist akkrediteringa. Dermed finst det ikkje lenger evangelikale kristne college på Manhattan.
Trenden gjeld ikkje berre i landets største by.
Sidan 2020 har minst 18 kristne utdanningsintitusjonar i USA stengt, melde Christianity Today i april. Problem med økonomi og finansiering, samt komplikasjonar med pandemien, er dei viktigaste forklaringane.
– Veldig dyrt
Professor Sigurd Grindheim ved Høgskulen på Vestlandet har tidlegare undervist ved fleire kristne utdanningsinstitusjonar i USA. Han påpeikar at utviklinga er ein del av ein større trend der humaniora slit generelt.
– Utdanning er blitt veldig veldig dyrt, seier Grindheim til Dagen.
Han legg til at dei som ikkje har finansieringsordningar, som Harvard, må krevje inn mykje i skulepengar.
– No konkurrerer også tradisjonell utdanning med digitale tilbod. Nokre online-studium veks og tradisjonelle opplegg slit, oppsummerer Grindheim.
– Ikkje tru på oss
I New York City er det ikkje lenger evangelikale protestantiske college i drift.
«Den misjonale/kyrkjeplantande rørsla hadde aldri tru på oss», skreiv Antony Bradley på Twitter i juni. Han har vore professor ved King´s College og undervist i religion og teologi.
«Det er ikkje pengane, det er søkinga. Kristne familiar, leia av sine pastorar, set ikkje lenger pris på kristen høgare utdanning fordi det ikkje er ei kyrkje», heldt Bradley fram.