Tok oppgjer med motstandarar på bønefrukost
– Elsk fiendane dykkar, sa hovudtalaren under den nasjonale bønefrukosten. – Det er ikkje lett, folkens, sa Donald Trump.
Opptakten til årets utgåve av den tradisjonsrike bønefrukosten i Washington D. C. var dramatisk.
Onsdag vart Donald Trump frikjend i riksrettssaka, men mot røystene til samtlege demokratar i Senatet og den republikanske partifellen Mitt Romney.
Tysdag hadde speaker Nancy Pelosi i Representathuset gått til det uvanlege skrittet å rive manus til Trumps tale om rikets tilstand i to, for augo på heile verda.
Under bønefrukosten sat Trump og Pelosi ved same bord på podiet i ballsalen på Washington Hilton. Hotellkjeda har namn etter grunnleggjaren Conrad Hilton, som hadde norsk far.
Bønefrukosten vart i si tid etablert av den norske emigranten Abraham Vereide.
Åtvara mot forakt
Hovudtalar var Harvard-professoren Arthur Brooks. Han oppmoda dei som var til stades til ikkje å la politisk usemje gå over i forakt. Og han framheva at dei ein er usamd med, ikkje verken vonde eller dumme. Sjølv er han meir konservativ politisk enn dei kristne forelda hans var.
Brooks påpeika at Jesus bad etterfølgjarane sine om å elske fiendane sine, ikkje berre tolerere dei. Han vedgjekk at dette er vanskeleg i praksis.
– Kor mange av dykk elskar nokon som de er usamde med politisk, spurde Brooks.
Mange i forsamlinga rekte handa i vêret. Donald Trump, som sat rett ved sida av Brooks, gjorde ikkje det, ifølgje Religion News Service.
Klage frå Trump
Trump innleia talen sin med å klage over at han og familien hans «er blitt utsett for ei forferdeleg prøving av nokre veldig korrupte og uærlege menneske».
Mormonaren Romney grunngav at han røysta for å avsetje Trump med eiden han har avlagt overfor Gud. Og katolikken Pelosi sa under riksrettssprosessen av ho bad for Trump. Presidenten nemnde dei ikkje med namn, men snakka likevel om dei med dårleg skjult adresse.
– Eg likar ikkje menneske som brukar tru for å rettferdiggjere det dei veit er gale. Heller ikkje likar eg menneske som seier «Eg ber for deg» når dei veit at det ikkje er slik, sa Trump, som sjølv identifiserer seg som presbyterianar.
Frikjend
Mykje av talen brukte han til å fortelje om kva administrasjonen hans har utretta i religiøse spørsmål. Han framheva kor viktig tru er i USA.
– Vi veit at nasjonen vår er sterkare, framtida vår er lysare og gleda vår er større, når vi vender oss til Gud og ber han lyse sin nåde på liva våre, sa Trump.
Han nytta også høvet til å vise fram framsidene av avisene USA Today og Washington Post som konstaterte at han var frikjend.
Mot slutten gav presidenten inntrykk av å vende tilbake til spørsmålet frå hovudtalar Brooks om å elske fiendane sine.
– Eg er lei meg. Eg ber om orsaking. Eg prøver å lære, sa Trump.
– Når nokon prøver å avsetje deg for ingen ting, er det forventa at du skal like dei? Det er ikkje lett, folkens. Eg gjer mitt beste, sa presidenten.
Forfølgde
Forfølging av religiøse minoritetar verda rundt fekk spesiell merksemd. Speaker Nancy Pelosi bad for desse.
– Lat oss be om at namna til dei forfølgde alltid lever på leppene våre og at dei får mot frå handlingane våre, bad Pelosi.
– Og lat oss be om at vi vi ærar den guddommelege geinsten i dei og i alle menneske, oss sjølve inkludert.
Graham-støtte
Støttespelarar av Trump rosar han for å tale vel om bøn, religiøse symbol og predikantar.
– Eg er så glad for at vi har ein president og ein visepresident som er villige til konsistent å ta eit sterkt standpunkt for religionsfridom, skriv evangelist Franklin Graham på Facebook.
Forfattar og teolog Gregory Thornbury, som har vore president ved King´s College i New York og har vore intervjua i Dagen om biografien sin om kristenrockens far, Larry Norman, meiner derimot at Trump formidla ei nihilistisk avvising av Jesu ord i bergpreika.
– Kvar er dei modige evangelikale apologetane på denne fronten? Korrekt. Dei er berre urolege for trugsmålet frå det såkalla «sekulære venstre» Stå opp, stå opp, for Jesus? spør Thornbury på Twitter.