Toppdomstol avviste klage i Naustdal-saka
Menneskerettsdomstolen vil ikkje handsame ei av dei mest omtalte barnevernssakene i norsk historie.
Eit norsk-rumensk ektepar vart utan forvarsel fråtekne dei fem borna sine i november 2015. Først sju månader seinare var familien samla igjen. Dei meiner barnevernet krenka retten til familieliv slik denne er nedfelt i Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen.
Klagen vart i går avvist fordi alle moglege rettsmiddel i heimlandet ikkje er uttømte. Det inneber at dei ikkje har køyrt saka heile vegen i det norske rettssystemet.
– Vi er skuffa over at Menneskerettsdomstolen ikkje ville behandle saka. Men det viktigaste for oss var at vi fekk alle barna våre tilbake i 2016, seier det norsk-rumenske foreldreparet til NRK på telefon frå Romania.
Klagarane har imøtegått dette med at det ville undergrave ånda i konvensjonen dersom dei først måtte føre ein lang kamp i det nasjonale rettsystemet. Dei hevdar også at dei har opplevd seg som «persona non grata», uønska personar, i Noreg.
Henta i heimen
Ekteparet, som er pinsevener var busette i Naustdal i Sunnfjord, då dei vart fråtekne dei fem borna sine. Dei to døtrene var henta på skulen ein dag midt i november. Same dagen vart dei to gutane i førskulealder henta i heimen. Dagen etter vart babyen på tre månader teken ut av armane på mora heime i stova.
Borna vart plasserte i tre forskjellige fosterheimar med sterkt avgrensa samvær med foreldra, meir enn tre timars køyring frå heimen.
Flytta til Romania
Inngrepet utløyste ei bølgje av protestar i land over heile verda, særleg i Romania og ei rekke rumenske miljø i andre land. Fleire rumenske toppolitikarar og kristne menneskerettsorganisasjonar engasjerte seg på vegner av familien.
Alle borna vart tilbakeførte til borna sju månader seinare, men ekteparet valde kort etter å flytte til Romania der faren kjem frå. Dei fekk sitt sjuande barn tidlegare i haust.
– Vi tør rett og slett ikkje å kome tilbake til Noreg med borna våre. Det er sårt og vondt og vi lengar etter familien i Noreg. Samtidig har vi det veldig bra i Romania, seier mora til NRK.
– Vondsinna og urealistisk
Advokaten som representerer familien, Roger Kiska ved Christian Legal Centre i London, er også skuffa over dommen.
– Familien kjempa innanfor det norske systemet for å få borna sine tilbake. Å be dei, etter at dei har flykta til Romania og prøvd å lækje familien, om å kome tilbake til systemet som så sterkt svikta dei og gjennomleve trauma på nytt, ville vore vondsinna og urealistisk, skriv Kiska i ein epost til Dagen.
Han meiner det særleg er grunn til å merke seg at Tsjekkia, Slovakia og Romania engasjerte seg som tredjepartar i saka.
– Det viser berre kor alvorleg resten av Europa tek denne saka, seier Kiska.
Han understrekar at familien ikkje angrar på at dei tok kampen til EMD.
– Dei ber om at lidinga dei gjekk gjennom, og merksemda denne førte til, kan kaste eit endå sterkare lys på det skakkøyrte norske barnevernssystemet, seier han.
Han understrekat også at Noreg ikkje vann saka.
– Ingenting i dagens avgjerd opphevar eller gir medhald til korleis barnevernstenesta handla mot denne elskelege, vakre familien.
Håper på endringar
Bestemor Magny Rose Håland opplyser at dei var budde på tre utfall: siger, tap og at saka ikkje vart handsama.
– Noreg har så langt dessverre ikkje vore interessert å vere sjølvkritisk, konstaterer Håland overfor Dagen.
Ho meiner det trengst endringar både i norsk lovgiving og praksis om barnevern.
– Vi treng eit rettferdig og godt system der familien er i sentrum. Det er det beste for borna å vekse opp der. Vi håper merksemda rundt saka kan vere til hjelp for mange som ventar og lir i det stille, seier Håland.
Vedgjekk klaps
Utgangspunktet for at barnevernet greip inn, var ei bekymringsmelding om såkalla oppdragarvald på bakgrunn av ting ei av jentene hadde fortalt på skulen.
Foreldra erkjente mellom anna i intervju med BBC at dei hadde brukt fysiske metodar for grensesetjing, men avviste at dei hadde gjort det kvar gong borna gjorde noko gale eller at det skjedde på måtar som skada dei.
Ein sakkunning rapport som NRK har fått tilgang til, kom med knusande kritikk mot korleis barnevernet i Naustdal handterte saka. Foreldra vert omtalte som «ydmyke og lærevillige som satte barnas behov foran sine egne», og at dei gjennomgåande hadde god omsorgskompetanse. Barnevernet har ikkje teke sjølvkritikk.
– Religiøse fordommar
Mange støttespelarar i Romania og andre land har hevda at den tydelege kristentrua til familien låg bak at barnevernet greip inn.
Advokat Kiska hevda overfor Dagen i 2017 at handteringa har vore gjennomsyra av religiøse og kulturelle fordomar.
Rådmann i det som då var Naustdal kommune, Øyvind Bang-Olsen, svarte at lova ikkje gir tilgang til å gripe inn på religiøst grunnlag.
Bestefar Audun Håland meinte trua til familien er blitt oppfatta som eit problem gjennom saka.
– Det er ei blanding av fleire ting, men eg er ikkje i tvil om at det religiøse spelte inn, sa Håland til Dagen i 2017. Han har vore leiar i Førde Pinsemenighet.
Taus Ropstad
Dagen har teke kontakt med Barne- og familiedepartementet for å få ein kommentar frå statsråd Kjell Ingolf Ropstad (Krf).
«EMD har avvist saken. Det tar Barne- og familiedepartementet (BFD) til etterretning. Statsråden har ingen ytterligere kommentarer», skriv kommunikasjonsrådgiver Sandra Mørkestøl i ein epost.
– Få borna heim
Til no har EMD teke heile 40 norske barnevernssaker til handsaming, ifølgje Dagbladet. Noreg er dømt i sju og frikjent i to. I tillegg er altså Naustdal-saka avvist.
Advokat Ragnhild Torgersen representerte faren då saka var til handsaming i det norske rettssystemet.
– Generelt kan eg seie at det som er i fokus for alle foreldre som vert fråtekne borna av barnevernet, er å få dei heim. Dei fleste er villige til å inngå kompromiss for å oppnå dette. Ein tenkjer ikkje på korleis ein skal posisjonere seg i ein eventuell prosess i EMD, seier ho til Dagen.
Ventar felling
Advokat Marius Emberland hos Statsadvokaten representerer Noreg i Den Europeiske Menneskerettsdomstolen.
– Det er heilt klare signal frå domstolen om at dei kjem til å domfelle Noreg i alle sakene. Sånn er det berre, fordi dei no vil bli ferdige med dette, seier dei. Dei ønskjer ikkje å halde på med dette lenger, sa Emberland i eit føredrag for norske barnevernsspsykologar 6. november, ifølgje Dagbladet. Avisa har fått tilgang til opptak frå føredraget.
Overfor NRK påpeikar Emberland til at foreldra ikkje anka saka vidare i det norske rettsystemet.
– Av det eg kan sjå, er alle ankefristar ute for fleire år sidan, seier han.