Den norske kyrkja: Berit Hagen Agøy går av som direktør i mellomkyrkjeleg råd.

Toppleiar i Den norske kyrkja går av etter 13 år

Berit Hagen Agøy har vore den øvste, administrative leiaren i mellomkyrkjeleg råd sidan 2009.

Publisert Sist oppdatert

Rådet er Den norske kyrkja sitt «utanriksdepartement» og har ansvar for samarbeidet med utalandske og heimlege kyrkjer.

Agøy melder onsdag formiddag på si Facebook-side at ho går av.

«Dette har vore fantastiske og spennande år, og eg kjem til å sakne denne jobben», skriv ho.

Vårt Land omtalte saka først.

Klar for nye oppgåver

Agøy vil fortsette å jobbe i kyrkja, men med andre oppgåver.

Første april tiltrer ho som fagdirektør i kyrkjerådet, kyrkja si «regjering». Der vil ho mellom anna arbeide med kyrkja som samfunnsaktør.

«Eg er veldig glad for at eg får samarbeide vidare med dyktige og supre kollegaer! Eg er utruleg takknemleg – og gleder meg nå til å ta fatt på nye oppgåver», skriv ho.

Mellomkyrkjeleg råd: Berit Hagen Agøy blir hylla av fleire for innsatsen for mellomkyrkjeleg råd.

Etter nyhenda om at Agøy går av sprakk onsdag formiddag, har ho blitt hylla av fleire.

På Facebook kommenterer mellom anna tidlegare preses i Den norske kyrkja, Helga Haugland Byfuglien: «Det var ein fryd å samarbeide med deg».

Også rektor ved den kristne utdanningsinstitusjonen, VID vitenskapelige høgskole, Bård Mæland, skryt over Agøy si teneste: «Du har gjort ein strålande jobb, Berit!», skriv han.

Omstridt

Agøy har også vore omstridt.

Den norske kyrkja sitt forhold til Det Mosaiske Trossamfund i Oslo har lenge vore dårleg.

Rabbinar Joav Melchior har mellom anna skulda Den norske kyrkja for å komma med «demoniserande og hatskapande» fråsegn mot jødar. Det kom fram i eit innlegg i Vårt Land, der han mellom anna peikte på ei fråsegn biskopane hadde mot såkalla «kristensionisme».

I same avis har han også retta kritikk mot Agøy.

På ei felles reise til Israel og palestinske sjølvstyreområde i 2013, meiner han Agøy skal ha uttalt at «ho ikkje klarar å forstå korleis eit folk som har opplevd Holocaust kan byggje ein så forferdeleg mur».

Agøy sjølv kunne ikkje hugsa å ha sagt dette, og heller ikkje at Melchior reagerte på noko. I sitt tilsvar skulda ho rabbinaren for å referere frå ein fortrulege samtale.

I fjor oppmoda sjefredaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, Agøy til å trekke seg frå dialogarbeidet med norske jødar i ein leiarartikkel.

Powered by Labrador CMS