JULEGUDSTENESTE: President Donald Trump og kona Melania valde å gå på julegudsteneste i Family Church Downtown i West Palm Beach i Florida.

Trappar opp kampen om evangelikale veljarar

Presidenten lanserer initiativet «Evangelicals for Trump» under folkemøte i Florida.

Publisert Sist oppdatert

Det nye initiativet skal sjå dagens lys i ei megakyrkje i Miami der Guillermo Maldonado er pastor. 56-åringen er fødd i Honduras og gjesta Noreg i 2016. Då hadde han møte i Telenor Arena i regi av TV Visjon Norge.

Spansktalande kyrkje

Kyrkjelyden King Jesus International Ministries er også kjent under det spanske namnet El Rey Jesus. Den har vore ein populær stoppestad for politiske kandidatar som fiskar etter røystene til spansktalande amerikanarar, ifølgje Tampa Bay Times.

Trump har valt kyrkjelyden, som er rekna for å vere ein av dei i USA som samlar flest med latinamerikansk bakgrunn, som arena for eit folkemøte. Rundt 70 kristne leiarar skal delta.

Gjekk mot Trump

«Evangelicals for Trump» vart presentert dagen etter at sjefredaktør Mark Galli i Christianity Today like før jul tok eit ramsalt oppgjer med presidenten i ein leiarartikkel, men Trump-administrasjonen har avvist at det kjem som ein konsekvens.

Redaktør Galli konkluderte med at Trump har vist seg djupt umoralsk og bør verte avsett enten ved riksrett eller ved valet i november. Galli meiner at kristne som støttar han, svekkjer vitnemålet om trua si overfor omverda.

Skuffa Graham

Dagen omtalte leiarartikkelen rett etter at han vart publisert. Utspelet har i ettertid utløyst sterke reaksjonar i form av både støtte og kritikk. Magasinet vart grunnlagt av den no avdøde verdsevangelisten Billy Graham i 1956. Sonen Franklin meiner faren ville vore «svært skuffa» og fortalte på Facebook at senior også hadde røysta på Trump.

Trump slo tilbake

Trump sjølv leita fram storslegga på Twitter. Han skulda magasinet for å liggje «langt til venstre» og at dei heller ville «ha ein venstreradikal ikkje-truande, som vil ta religionen dykkar og våpna dykkar, enn Donald Trump som presidenten dykkar», skreiv han.

«Ingen president har gjort meir for det evangelikale miljøet, ikkje ein gong noko i nærleiken. De vil aldri få noko som helst frå demokratane som stiller no», heldt han fram.

Forsvarte presidenten

Rundt 200 kristne leiarar tok oppgjer med Christianity Today i eit lesarinnlegg i Christian Post.

«Leiarartikkelen dykkar stilte spørsmål ved den åndelege integriteten og det kristne vinteålet til fleire titals millionar truande som tek dei samfunnsmessige og moralske pliktene sine alvorleg», skreiv dei.

Mellom anna uttrykte dei som «bibeltruande kristne og patriotiske amerikanarar» at dei er takksame for ein president som har bede dei om råd. Dei rosa han mellom anna for å fremje politikk som vernar ufødde, fremjar trusfridom, styrkar familien og foreldreretten og gjer verda tryggare, mellom anna ved å støtte Israel.

Trump som symptom

Brevet var adressert til presidenten i Christianity Today, Timothy Dalrymple. Han støttar Galli og avviser at magasinet er blitt liberalt eller venstreorientert: «Med djup kjærleik og respekt ber vi våre brør og systrer i Kristus om å vurdere om dei har gitt keisaren det som berre tilhøyrer Gud: lojalitet utan atterhald», skriv han. Dalrymple meiner Trump ikkje er «sjukdomen», men snarare eit symptom på at den kristne kyrkja i USA er blitt altfor politisert. Samstundes inviterer Dalrymple til fredeleg samtale om vegen vidare.

Magasinet opplyste at reaksjonane mellom lesarane var delte, men at støtta overgjekk motbøra.

– Sjølv om vi har mista hundrevis av abonnentar, har vi fått tre gonger så mange abonnentar, sa Galli på CNN vesle julaftan.

Positiv kraft

Redaktør Michael Luo i det liberale tidsskriftet The New Yorker meiner bråket rundt den kristne støtta til Trump viser at evangelikale kristne har ei utfordring med å snu seg bort frå eit engasjement drive av otte og uro, og heller samle seg om å vere ei positiv kraft i samfunnet.

Fox News-profilen Tucker Carlson harselerer på si side med liberale media som brått har fått stor omsorg for kva som er gode kristne verdiar. Han meiner kristne røystar på Trump ganske enkelt fordi han viser forståing og støtte for sakene deira, medan liberale og sekulære krefter møter dei med motstand og hat.

Den største minoriteten

Rundt ein firedel av den amerikanske befolkninga identifiserer seg som evangelikale kristne, ifølgje tal frå Pew Research Center. Men dette er ei samansett gruppe. Etnisk bakgrunn har mykje å seie for kva politiske sympatiar folk har. Blant kvite evangelikale har Trump hatt sterk støtte, medan afroamerikanske evangelikale i stor grad røystar på demokratiske kandidatar. Dei spansksktalande evangelikale er meir delte, men er ei veksande gruppe som kan vise seg å bli viktig ved valet til hausten.

– Vi ser to megatrendar som kjem saman. Latinoar blir den største veljarblokka mellom minoritetar i 2020, men samstundes røysta 80 prosent av kvite evangelikale på Trump i 2016. Så spørsmålet er om desse kan kombinerast og om Trump kan få støtte i dei kristne miljøa mellom dei spansktalande, seier direktør Lili Gil Valletta i selskapet Culturintel & Cien+ til Fox News.

Religiøs appell

Både demokratiske og republikanske kandidatar må utvikle strategiar for korleis dei skal nå religiøse veljarar. Parallelt med at «Evangelicals for Trump» vart lansert, vart det også kunngjort at det kjem koalisjonar kalla «Catholics for Trump» og «Jewish Voices for Trump».

Katolikkane fordeler seg tradisjonelt nokså likt mellom republikanske og demokratiske kandidatar, men jødiske veljarar har i stor grad sokna til Det demokratiske partiet.

Powered by Labrador CMS