ANTISEMITTISME: Eit klar fleirtal av amerikanske jødar meiner Joe Biden vil gjere ein betre jobb enn Donald Trump i kampen mot antisemittisme i USA. Biletet er teke etter at Biden talte til American Israel Public Affairs Committee (AIPAC) i 2016.

Tre av fire jødar seier dei vil røyste på Biden

Donald Trump har jødisk svigerson og har markert sterk støtte til Israel, men slit med å vinne jødiske røyster.

Publisert Sist oppdatert

Synspunkta til jødar i USA er kartklagde i ei meiningsmåling for AJC Global Jewish Advocacy. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig.

75 prosent av dei spurde seier at dei ville røysta på Joe Biden dersom det var presidentval i dag. 22 prosent seier dei ville røysta på Donald Trump. Meiningsmålinga vart gjennomført over fire veker og avslutta 4. oktober, altså i god tid før den siste presidentdebatten på torsdag.

Ved ei tilsvarande meiningsmåling før valet i 2016 sa 61 prosent av dei spurde jødane at dei ville røyste på Hillary Clinton. 19 prosent sa at dei ville røyste på Donald Trump.

Korona på topp

Berre 15 prosent av dei spurde i 2020-målinga er godt nøgde med jobben Donald Trump har gjort som president. 7 prosent er delvis nøgde. Derimot er det heile 73 prosent som er sterkt misnøgde.

Vurderinga er så å seie identisk med den Trump fekk i ei tilsvarande måling i 2019.

Dei mest avgjerande einskildsakene for korleis jødar vil røyste, er koronapandemien (26 prosent), helsetilbod (17 prosent), økonomi (13 prosent), raserelasjonar (12 prosent), kriminalitet (6 prosent) og utanrikspolitikk (5 prosent). 20 prosent oppgir at det er ei anna sak enn dei nemnde.

I den tilsvarande meiningsmålinga frå 2016 var toppsakene økonomi (29 prosent) og nasjonal tryggleik (16 prosent).

Iran-avtale

Eit klart fleirtal meiner at Biden er best til å kjempe mot terrorisme (71 prosent) og til å fremje einskap i landet (79 prosent)).

På spørsmål om kven som er best til å styrkje relasjonen mellom USA og Israel er det jamnare. Men også her har amerikanske jødar støre tiltru til Biden (54 prosent) enn Trump (43 prosent).

I 2018 trekte Donald Trump USA frå atomavtalen med Iran. Denne hadde forgjengaren Barack Obama signert etter at den var forhandla fram i 2015 saman med Storbritannia, Russland, Frankrike, Kina og Tyskland.

Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu var sterkt kritisk til avtalen og gjekk hardt ut mot Obama. Netanyahu rosa Trump for at han gjekk tilbake på denne avtalen.

Men mellom amerikanske jødar er det berre 27 prosent som meiner Trump er den beste til å handtere Iran. 71 prosent har større tillit til Biden, som var visepresident for Obama då avtalen vart inngått.

Israel er viktig

Svigersonen til Donald Trump, Jared Kushner, er ein sentral rådgivar i administrasjonen til presidenten. Kushner har mellom anna hatt hovudansvaret for Trumps fredsplan i Midtausten.

Ivanka Trump konverterte til jødedommen før ho gifta seg med Jared. Dermed er dei tre borna deira, og barneborna til Donald Trump, også jødar.

Blant amerikanske jødar meiner likevel berre 22 prosent at Donald Trump er best til å kjempe mot antisemittisme i USA, medan 75 prosent held ein knapp på Joe Biden i dette spørsmålet

59 prosent av dei spurde seier at det å vere knytt til Israel er svært viktig eller nokså viktig for den jødiske identiteten deira. 86 prosent karakteriserer relasjonen mellom USA og Israel som svært sterk eller nokså sterk.

Resultata som Trump har oppnådd i Midtausten, mellom anna med diplomatiske relasjonar mellom Israel og nokre arabiske land, ser likevel ut til å ha hatt ein effekt.

37 prosent av amerikanske jødar er blitt meir optimistiske med tanke på fred i Midtausten. Berre 13 prosent er blitt meir pessimistiske.

Leier over Clinton

Ei anna meiningsmåling, som vart publisert av J Street på onsdag, viser at Joe Biden står sterkare mellom jødiske veljarar i vippestatar som Pennsylvania og Florida enn Hillary Clinton, melder The Forward.

Ein kommentator hevdar overfor denne avisa at det overfor amerikanske jødar ikkje er nokon politisk gevinst å hente, men heller ein kostnad, knytt til høgreorientert politikk overfor Israel.

Powered by Labrador CMS